Målpris til professor dr. juris Ola Mestad
Årets målpris frå Juristmållaget går til prof. dr. juris Ola Mestad. Mestad får først og fremst prisen for innsatsen sin for nynorsk som rettsmål både som forretningsadvokat og som professor ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo.
Professor dr. juris Ola Mestad, som deler arbeidstida si mellom Senter for europarett og Nordisk institutt for sjørett, med Målprisen frå Juristmållaget. Foto: Juristmållaget, UiO/NIFS.
-Dette er jo kjempehyggeleg, seier ein overraska Ola Mestad. –Juristmållaget gjer eit viktig arbeid. Særleg er det inspirerande å treffe jusstudentar som vil skrive nynorsk på Juristmållagets seminar langs Bergensbanen.
Styret i Juristmållaget vedtok i forkant av årsmøtet i 2011 at Ola Mestad skulle få årets målpris. Prisen vart delt ut 3. oktober 2011 ved ei tilstelling på Nordisk institutt for sjørett, Avdeling for petroleums- og energirett ved Universitetet i Oslo.
I grunngjevinga for målprisen seier styret i Juristmållaget vidare:
Dernest har han lagt ned stor innsats for nynorsken i ulike nynorskinstitusjonar, og han har ved mange høve stilt opp for Juristmållaget både som styremedlem, leiar og som føredragshaldar.
”Aker-brygge”-advokaten som nytta nynorsk
Ola Mestad, f. 1955 i Oslo, braut ei barriere då han vart den første ”Aker-brygge”-advokaten som nytta nynorsk frå 1990 i advokatfirmaet BA-HR. Alt i 1993 vart han ”deltaker” i advokatfirmaet, eller ”partner” som det elles heiter i advokatverda. Året før hadde han gjort ferdig doktorgradsavhandlinga si ”Om force majeure og risikofordeling i kontrakt”. Rett etter at han var ferdig jurist i 1984, leverte han ei lisensiatavhandling med tittelen ”Om Statoil og statleg styring og kontroll”. Alt var skrive på nynorsk.
Mestad er i dag professor dr. juris i rettsvitskap ved Senter for europarett og Avdeling for petroleums- og energirett, Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. No arbeider han hovudsakleg med internasjonal handels- og investeringsrett, i tillegg til petroleumsrett, kontraktsrett og EU-rett. Mestad har i tillegg arbeidd med korrupsjonsproblemstillingar. Han er òg leiar i Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland. Både innanfor rettsvitskap og historie har Mestad ei rekkje publikasjonar bak seg.
Stor innsats for nynorskinstitusjonar
Mestad har eller har hatt sentrale verv i sentrale nynorskinstitusjonar som Dag og Tid, Fonna Forlag, Syn og Segn og Samlaget.
Ola Mestad har i mange år vore medlem i Juristmållaget. Han var leiar frå 1980 til 1983, og sat i styret i åra etterpå. Då Juristmållaget saman med Studentmållaget i Oslo i 1992 stod bak lovmålsseminar på Finse, var Mestad sjølvskriven føredragshaldar. Han har halde fram med å stilla opp som føredragshaldar for Juristmållaget så sant det har passa, etter at tradisjonen med nynorske skriveseminar langs Bergensbanen vart vekt til live frå 2005 og seinare. Tradisjonen seier at Ola er fast forsongar på ”Dar kjem dampen” laurdag kveld på seminara.
Eit førebilete
Årets målprisvinnar er eit førebilete som har bana vegen for mange nynorskbrukande juristar. Ikkje minst har han gjort det lettare å nytta nynorsk som fersk advokatfullmektig i dei fleste store advokatfirma i Oslo og Bergen. Som profilert professor på Universitetet i Oslo i prestisjetunge fag som petroleumsrett og europarett, er han også viktig for nynorskbrukarar ved universitetet, både studentar og tilsette.
Målprismottakar og styremedlemer i Juristmållaget: Frå venstre: Gunnar O. Hæreid (Regjeringsadvokaten, frå neste veke assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane), Ingvild Skeie (Forbrukartvistutvalet), Tonje Hovde Skjelbostad (Forbrukarombodet) samen med Ola Mestad. Foto: UiO/NIFS.
Kjelder: Allkunne, Mål og rett – Juristmållaget 75 år