Professor Ola Mestads tale ved Falsens grav 17.mai 2013

VED FALSENS GRAV 17. MAI 2013

Christian Magnus Falsen. Kilde: Wikimedia

Det er éin stor og viktig grunn til å minnast Christian Magnus Falsen (1782-1830): Arbeidet med å skape grunnlova våren 1814.

Falsen var omstridd den gongen og endå meir i slutten av si korte levetid, og etterpå. I si dagbok frå Eidsvoll i 1814 skreiv Jacob Aall om Falsen: «Ubehageligt var hans Væsen, haard og stødende hans Tale, mørk og barsk hans Mine i Forsamlingen.» Ikkje særleg positivt. Og ikkje offentleggjort. Tretti år etterpå, fjorten år etter Falsens død, skreiv Aall at han seinare hadde hatt høve til å «rette denne sin vildfarende Mening om denne høiagtværdige Mand … som for sit Fædreland har udmærket sig fremfor de Fleste». Falsen var ein mann som det er interessant å prøve å forstå.

Den norske grunnlova var resultatet av ein kollektiv prosess. Men ein slik prosess startar ikkje av seg sjølv. Og den må leiast for å nå fram til resultat. Falsen var ein mann som meir enn nokon andre våren 1814 forstod kva som måtte gjerast. Hans arbeid med grunnlova fell i tre viktige delar.

For det første initiativet: Mens statthaldaren prins Christian Frederik ville halde på sin påståtte arverett til den norske trona og erklære seg som norsk einevaldskonge, hadde Falsen invitert til seg sin ven lektor Johan Gunder Adler for at dei skulle skrive utkast til ei norsk grunnlov med folkesuverenitet og maktfordeling. Ei lov som altså ingen hadde bede om. Alt den 13. februar 1814 viste dei fram eit første utkast til stormannen Peder Anker og, viktigare, til professor Georg Sverdrup. Utkastet var moderne, bygd på ulike utanlandske førebilete og med ein sveip av norrøn renessanse.

Den 16. februar vart Christian Fredrik tvinga over på andre tankar og kalte deretter inn til riksforsamling. Den andre delen av Falsens innsats var den energiske og fleksible gjennomføringa av grunnlovsarbeidet i konstitusjonskomiteen på Eidsvoll. Falsen vart vald som representant frå Akershus og blei på Eidsvoll vald inn i konstitusjonskomiteen med nest flest stemmer. Mesteparten av arbeidet med grunnlova utførte dei 15 medlemene av komiteen - særleg nokre av dei. Komiteen valde Falsen til sin leiar. Arbeidet skjedde på grunnlag av utkastet frå Adler og Falsen. Men det blei kraftig nedkorta og omskrive. Utkastet hadde 226 paragrafar mens den endelege grunnlova fekk 110. Falsen har såleis administrert og godtatt ei sterk nedkorting. Og på fleire meir prinsipielle punkt stemmer heller ikkje det endelege innhaldet med utkastet. Det blei meir radikalt.

Den tredje delen av Falsens innsats var leiinga av sjølve Riksforsamlinga der han var president den siste veka av grunnlovsbehandlinga. På Oscar Wergelands berømte maleri av Riksforsamlinga med Falsen i framgrunnen er det dette ein ser. Han køyrde forsamlinga hardt og fekk paragrafane vedtatt, til dels med eit innhald han var imot, men som han demokratisk sinna godtok. Mens han ikkje var president var han den store strateg i kulissane.

Korleis av dette mogeleg? Falsen var ein mann skapt for ein krevjande situasjon. Han forstod kva som trongst og kva det kunne vere rom for. Han kunne skrive grunnlovstekst sjølv og han kunne ta leiarskap i forsamlingar, både i ein lukka komité og i ei open forsamling med folk frå nesten alle folkeklassar – ein heilt ny politisk arbeidsmåte i landet.

Kva slags bakgrunn gjorde dette mogeleg? Han høyrde til ein juridisk norsk elite. Både far og farfar hadde innehatt dei høgaste dommarembeta i landet. Og han hadde gått på skule og  studert i København i ei tid der dei drøfta fridomsideane frå det revolusjonære USA og frå Frankrike med sine både positive og negative erfaringar. I embetsstudiet hadde han fått ein teoretisk bakgrunn av natur- og statsrettsprofessoren J.F.W. Schlegel.

Fagleg hadde han òg lært å arbeide med andre juristar og bryte meiningar med dei. Det er vanleg å seie at Falsen var sorenskrivar då han vart vald til Riksforsamlinga. Det er riktig. Men samstundes hadde han frå 1807 vore dommar i Overadmiralitetsretten. Det var eit kollegialt organ som avgjorde ankesaker om kapring av skip. Går ein gjennom hans standpunkt der ser ein at han skriv godt og at han ikkje er redd for å vere usamd med andre dommarar. Han hadde lært å arbeide med rettslege standpunkt i fellesskap.

Ein lovgivarbakgrunn var at Falsen i 1812 hadde skrive ei avhandling om korleis det norske matrikkelsystemet, grunnlaget for skattlegging av jord, skulle ordnast. Dette var blant dei vanskelegaste lovreformspørsmåla i tida. Han hadde altså allereie meint seg esla til arbeid med lovreformer.

Personleg hadde han opplevd korleis livet kunne skifte brått. Då han var 7 år blei faren med familien forvist frå Christiania til Steigen på grunn av ei celeber utruskapssak. Sidan kom faren via København tilbake til Christiania - der han tok livet av seg i 1808. Ved gravferda blei det erklært landesorg. Så døydde kona til Falsen, 23 år gammal. Sterke personlege påkjenningar hadde han altså lært å tole.

I august 1814 då det blei klart at Noreg ville inngå union med Sverige, søkte Falsen seg vekk frå politikken og Austlandet, og blei amtmann i Nordre Bergenhus. I Bergen skreiv han ei avhandling om kjernen i den norske grunnlova. På Eidsvoll hadde han vore mannen bak namna Odelsting og Lagting. I avhandlinga tok han utgangspunkt i den frie norske odelsbonden. Han viste «at vore Forfædres Constitution, det første de blive os bekjendt i Historien, var et constitutionelt Monarkie, hvor den lovgivende Magt var i Folkets Hender”. Det hadde dei klart å skape igjen på Eidsvoll.”Norge har erholdt … en Forfatning, i det Væsentlige aldeles overensstemmende med hiin den lykkelige under Hakon den Gode”. Om dette var meint bokstavleg, veit vi ikkje. Men føresetnaden for dette var ”lighed i Ejendom”. Det egalitære Noreg som han peikte på i historia, og som grunnlova søkte å fremje, har vore eit avgjerande viktig trekk også seinare.

Falsens liv etter 1814 var rikt på innhald, men fattig på suksess. Politisk klarte han å bli uven med dei to viktigaste gruppene i landet: Først bøndene, deretter embetsmennene. Så blei han, leiaren av Sjølvstendepartiet på Eidsvoll, ven med sin gamle uven kong Karl Johan og i desember 1827 utnemnd av kongen til justitiarius i Høgsterett, mot innstillinga frå regjeringa. Han tiltrer, men får slag etter nokre veker i retten og døyr 2 år seinare, berre 47 år gammal. I stillhet blei han gravlagd her med denne enkle steinen og ein kross. Laurbærkransen som vi ser kom først i 1864.

Men no, 199 år etter hans storverk, ser vi at han var den viktigaste personen i grunnlovsverket. Han hadde den særskilde evna å kunne handle målretta og reflektert i ekstreme tider – når det særleg trongst. Kvardagen var ikkje hans arena.

Lat oss ære han med ein krans også i dag.

 

Ola Mestad

Professor dr. juris

Publisert 21. mai 2013 14:53 - Sist endret 1. juli 2013 13:32