Born
Forskinga på born ved Det juridiske fakultet fokuserer på born sine rettar. Målet for forskinga er dels å synleggjere born si stilling i retten, dels å gje kunnskap som kan nyttast i arbeid med juridiske problemstillingar som gjeld born.
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Nokre born har til alle tider stått i ein utsett posisjon; born utan forsørgarar, eller med foreldre som sviktar som omsorgspersonar. Dessutan born som sjølve oppfører seg slik at samfunnet ikke godtek dei.
Forskinga ser mellom anna på born som pårørande for vaksne som sit i fengsel, born som har budd i barneheimar og born som har vært utsett for overgrep. Forskinga ser også på korleis desse borna blir handsama av det offentlege og av private organisasjonar.
Kva fortel granskingar av barneheimar?
I perioden 2003-2009 har sju regionale granskingskommisjonar publisert rapportar om handsaminga av born på barneheimar og liknande institusjonar i Noreg i andre halvdel av 1900-tallet. Prosjektet nyttar granskningsrapportane som kjelde i eit forsøk på å inkludera born i studiet av kriminologiske tema som straffehistorie og makta sin dynamikk på institusjonar.
Forskingsområde
Forskingsprosjekt
- Barns rettigheter: barnekonvensjonens betydning for forvaltnings- og rettspraksis
- Vold i nære relasjoner