Forsiden UiO Det juridiske fakultet
print logo

Vi forskar på: Kriminalitet og avvik

Kriminalitet er eit omgrep som skildrar handlingar som er straffbare i fylgje straffelovgivinga, men som og kan inkludere andre handlingar som samfunnet ikkje aksepterer.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Gjennom tidene har oppfatninga av kva som er kriminalitet og avvik endra seg.

Kriminologien sine overordna tema er avvik og sosial kontroll, kriminalitet og straff. Rettssosiologien er retta inn mot retten i samfunnet.

Kriminologien ser på tilhøvet mellom kriminalitet, kontroll og samfunn, og kriminologar arbeider med desse tilhøva til dømes i sosial- eller kriminalomsorga, i forvaltinga, i media, rettsapparatet, i undervisning eller innan forsking.

Kriminologien og rettssosiologien har ei felles interesse for forskingsfelt som straffa sine verknader, domstolar, fengsel, politi, barnevern, psykiatri, sosialpolitikk, diskriminering av minoritetar, førebygging av kriminalitet, rettsleggjering, internasjonaliseringa av retten, rettstryggleik, menneskerettane og rettshjelp.

Forskingsområde

Forskingsprosjekt

Forskargrupper

 

Publisert 19. okt. 2010 13:03 - Sist endra 8. apr. 2013 09:20