Vi forskar på: Rettsleggjering

Stadig større delar av samfunnslivet vert regulert gjennom lover og forskrifter. Det norske rettsvesenet er også prega av ei omfattande internasjonalisering, der EU sine reglar og internasjonale konvensjonar vert gjort bindande for norsk lov.

Illustrasjonsfoto: Stock.xchng

Rettsleggjering er eit omgrep som vert nytta i den offentlege debatten i stadig fleire samanhengar. Det dekkjer ei rekkje ulike problemstillingar – både med direkte og meir indirekte betyding for makt- og demokratiforholda i Noreg.

I fylgje St.meld. nr 17, 2004 -05, Makt og demokrati tyder rettsleggjering at rettsorgana får aukande betydning på kostnad av folkevalgt myndigheit, og at skiljet mellom lovgjeving og lovbruk vert viska ut. Det norske rettsvesenet er også prega av ei omfattande internasjonalisering, der EU sine reglar og internasjonale konvensjonar vert gjort bindande for norsk lov.

Forskinga på rettsleggjering famnar også tema som til dømes ikkje-juristar sin bruk av regelverk.

Forskningsområde

Forskingsprosjekt

Forskargrupper

Emneord: Grunnloven, Menneskerettigheter, Rettsliggjøring, Rettsstaten, Rettssystemet
Publisert 7. des. 2010 13:26 - Sist endra 4. juli 2017 09:43