Vi forskar på: Rettssystemet

Dersom partar i ein konflikt ikkje greier å inngå forlik, må saka til retten for å bli løyst. Døme på problemstillingar i vår forsking er samspelet med internasjonale domstolar og born som part i retten.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Rettssystemet som begrep viser til korleis rettsapparatet er organisert i eit land. Forskinga på rettssystemet ser mellom anna på forholdet mellom rett og demokrati og mellom rettsregelhierarki og demokrati, forholdet mellom rettslege og politiske institusjonar, på den rettslege kontrollen med forvaltninga, m.m. Sivilprosessreglane og straffeprosessreglane regulerer korleis konfliktar skal løysast ved domstolane.

Tidsdimensjonen er også eit viktig fokus for rettsforskinga ved fakultetet. Rettslege normer, ordningar og idear er i stadig endring. Dagens rett er rettshistorie i morgon.

Forskingsområde

Forskingsprosjekt

Forskargrupper

 

Publisert 14. mars 2011 10:58 - Sist endra 4. juli 2017 09:43