Straff
Straff er ein reaksjon på ein uønskt væremåte eller handling, og kan ta mange former. Strafferetten er dei sentrale reglane for rettslege reaksjonar, mens straffeprosessen er reglane om korleis straff kan idømast.
Foto: Stock.xhng
Ein grunnfesta definisjon på straff innan norsk rett er «eit onde som staten valdar ein lovbrytar på grunn av lovbrotet i den hensikt at det skal følast som eit onde».
Straff er eit nøkkelord innan forskingsområda strafferett og straffeprosess, kriminologi og rettssosiologi.
Menneskerettar og straff
I 2005 signerte Norsk senter for menneskerettar ei samarbeidsavtale med Den internasjonale straffedomstolen - ICC - og har sidan vore ein sentral partnar i domstolen sitt "Legal Tools Project". Det viktigaste målet er å bidra til at brukarar både i og utanfor domstolen har tilgang til data som er nødvendige når ein skal etablere rettslege dokument knytt til ulike straffeprosessar.
Strafferett og straffeprosess
Strafferetten handlar om reglane kring lovbrot og straff, medan straffeprosessreglane seier korleis straffbare handlingar skal etterforskast og korleis saker om straff skal handsamast i rettsapparatet. Strafferett og straffeprosess er eitt av forskingsområda ved Institutt for offentleg rett (IOR).
Kriminologi og straff
Kriminologi tek opp spørsmål om avvik og sosial kontroll, med særskild vekt på lovbrot og strafferettslege reaksjonar. Kriminologi er eitt av forskningsområda ved Institutt for Kriminologi og rettssosiologi (IKRS).
Rettssosiologi og straff
Rettssosiologi er studiet av samspelet mellom retten og samfunnet. Rettssosiologien si oppgåve er å skildre og analysere rettsnormene sin plass og verknader i det sosiale liv. Rettssosiologi er eit av forskningsområda ved Institutt for Kriminologi og rettssosiologi.
Forskingsområde
Forskingsprosjekt
- CCCH
- Dødsstraff i et komparativt perspektiv
- Den internasjonale straffedomstolen og konfliktløsning
- DETECTER - Detection Technologies, Counter-Terrorism Ethics, and Human Rights
- Justice in The Risk Society
- Kriminalitetskontroll ved Europas grenser
- Narrativ kriminologi
- The Scandinavian Studies of Confinement research network (SSC)
Forskargrupper