Midtvegsevaluering - Tore Fjørtoft

Tore Fjørtoft er stipendiat ved Institutt for privatrett og knytt til forskargruppa for selskap, marknader, samfunn og miljø.

Måndag 15. oktober 2012 presenterer han sitt doktorgradsprosjekt ”Økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak”.

Kommentator, rettleiar og tekst

   

 Kommentator er Professor Geir Woxholth. Rettleiar er professor Kåre Lilleholt og medrettleiar er professor Johan Giertsen.

Instituttleiar Guiditta Cordero Moss vil leie midtvegsevalueringa.

Disposisjon og tekstutkast - kontakt Tore Fjørtoft.

Samandrag

Uttrykket ”økonomiske medlemsrettar” dekkar retten til utdelingar frå foretaket, retten til å omsetje med foretaket og retten til å råde over medlemskapen ved sal og pantsetjing. Hovudtyngda av analysen ligg på retten til økonomiske utdelingar. Siktemålet er å drøfte alle slag økonomiske utdelingar frå foretak til medlem. Dette omfattar utdelingar under løpande drift, i samband med opphøyr av medlemskap og i samband med oppløysing, fusjon og fisjon. Spørsmåla blir drøfta med utgangspunkt i samvirkelova frå 2007, men også utanlandsk og internasjonal samvirkerett blir trekt inn.

Avhandlinga reiser tre hovudspørsmål: 1) Kva slags økonomiske rettar har medlemmar av samvirkeforetak? 2) Kor omfattande er dei? 3) Korleis blir økonomiske utdelingar fordelt mellom medlemmane?

I avhandlinga blir desse spørsmåla drøfta ved bruk av to parallelle innfallsvinklar. Dels blir dei samvirkerettslege reglane drøfta i lys av dei reglane som gjeld for andre organisasjonsformer, særleg kapitalselskapa. Dels blir spørsmåla analysert ut frå dei prinsippa og omsyna som ligg til grunn for reglane, m.a. dei internasjonale samvirkeprinsippa og samvirkeverdiane. Avhandlinga trekkjer inn fleire forskjellige fagdisiplinar, men er likevel primært rettsdogmatisk.

Publisert 16. juli 2012 09:46 - Sist endra 29. aug. 2014 15:06