Digital indre marknad - framlegg til nye EU-reglar. IFPs seminarrekke

Seminaret er ope for alle interesserte. Merk påmelding!

Markering av IFP sin stiftingsdag -  I forlenginga av seminaret inviterer instituttet til mottaking i Viggo Hagstrøms sal i høve stiftingsdagen 11. mars.

Kjerka, Domus Media Vest Foto: Eva Dobos

Tema

Kommisjonen kom i desember 2015 med framlegg til nye reglar om netthandel, om kontraktar om digitalt innhald og om forbod mot «geoblokkering» av digitale tenester. For norsk rett inneber framlegga reduksjon av reklamasjonsfristen ved forbrukarkjøp av lausøyreting på nettet, heilt nye reglar om kjøp av programvare og nok også bruk av sosiale media, og dessutan ny regulering av tilgang til Netflix o.l.

Innleiarar

Framlegga blir presenterte av professor Kåre Lilleholt og førsteamanuensis Harald Irgens-Jensen.

Relevant materiale

Invitasjon til markering av IFP sin stiftingsdag

I forlenginga av seminaret 15. mars vert det markering av instituttet sin stiftingsdag (tidlegare Arnholms minneførelesning) med tapas og drikke i Viggo Hagstrøms sal for tilsette og seminardeltakarar. Alle tilsette vert oppmoda om å kome sjølv om dei ikkje har høve til å vere med på seminaret. Husk påmelding!

Påmelding

Påmelding for seminar og/eller mottaking - frist 8. mars. NB! Begrenset antall plasser på seminaret!

 

Merk! Inngang til Kjerka er via Aulakjelleren/kantina. Ta heis/trapp opp til 2. etg.

 

Publisert 25. jan. 2016 10:38 - Sist endret 16. mars 2016 09:53