Freden blei like vanskeleg som krigen

- kvinner i motstandsgruppa Osvald blei etter krigen forfylgt av norske styremakter. Dei var kun nokre få av kvinnene i Noreg som krigen aldri tok slutt for.

Bilde frå Fredsdagane i Oslo, mai 1945. Foto: Scanpix.

Unni Rustad har intervjua kvinner som var aktive i sabotasjeorganisasjonen som gjekk under namnet  Osvaldgruppa. Saman med Kjersti Ericsson har ho skrive eit kapittel om dette i ei nylig utkomen bok om kvinner og krig.  Etter krigen blei Osvald-kvinnene overvaka og trakassert av norsk politi.

- Då det politiske klimaet skifta frå frigjeringseufori til kald krig, blei tidligare heltar frå den kommunistiske delen av motstanden stempla som potensielle landsforrædarar, fortel Ericsson.

Sjølv om kvinner bidrog i det norske motstandsarbeidet som kurerar, hjalp folk i dekning, losa menneske på flukt over grensa, var med på å spreie illegale avisar og utførte sabotasjeoppdrag – blei dei gløymt då freden kom i 1945. Historia om den lokale Milorg-leiaren Eva Kløvstad, som ikkje fekk lov å marsjere med dei mannlege Milorgmedlemmane då frigjeringa blei feira, er velkjend.   

- Ein har ofte lett for å tenkje at andre verdskrig i Noreg opphøyra desse maidagane i 1945, men som artiklane i antologien «Women in War. Examples from Norway and Beyond» visar: krigserfaringar er ofte med på å prege kvinner som opplevde krigen resten av livet, seier Kjersti Ericsson. Særs gripande er det å lesa om jødiske kvinner, plaga av tankar om sine kjære som det var umogeleg å snakka om.

Som redaktør har ho samla ei rekke forskarar som skriv om kvinneliv under og etter krig. Sanksjonar frå styresmaktane under og etter andre verdskrig var ei skjebne Osvaldkvinnene delte med andre kvinner, blant anna «tyskerjenter» og deira krigsborn. Dei østeuropeiske, kvinnelege tvangsarbeidarane var ei anna gruppe som blei stigmatiserte og mistenkeleggjort då dei kom tilbake til Sovjetunionen.

Ulike rollar under andre verdskrig

«Women in War. Examples from Norway and Beyond» viser bredda av dei ulike rollane kvinner hadde under andre verdskrig. Med Noreg som eksempel utforskar antologien kva som skjer med kvinner og kjønnsrelasjonar i krigstid. Boka er tverrfagleg og tar for seg kvinner i ulike rollar: som motstandskjemparar og «tyskerjenter», som forfølgde i det norske holocaust, som tilsette i Statspolitiet, som øst-europeiske tvangsarbeidarar og politiske fangar, og som husmødre under harde kår.

- Boka visar ettertrykkeleg at kvinner blei sett på med kjønna briller, og behandla og huska på ein kjønna måte etter krigen, fortel Ericsson. Eit eksempel på dette er professor Per Ole Johansens kapittel. Det visar korleis kvinner som var aktive på i det nazistiske statspolitiet under rettssakene blei framstilt i datidas stereotypiar om kvinner som uintelligente, nevrotiske, passive og lette å villeie. Dei blei skildra som menneskelege skrivemaskinar utan eigen vilje. Dette synet kunne brukas til kvinnenes fordel i rettssalen. Kvinner som hadde hatt tilsvarande posisjonar som menn i statspolitiet fekk mildare dommar enn sine mannlege kollegaer. Kristin Hobson sitt kapittel om homofile kvinner og menn viser at dei lesbiske blei ansett som annleis, men ubetydelege. At kvinner har ein eigen seksuallyst og seksualitet blei i denne samanhangen ikkje anerkjent, derfor blei lesbiske ikkje like forfulgt som homofile menn.

Kvinner i krig

At kvinner i krig og i dag blir sett på med kjønna briller, viser blant anna bidraga til Anette Bringedal Houge, Kristen P. Williams og Inger Skjelsbæk.

- Internasjonale organisasjonar har mykje lettare for å sjå kvinner som ofre for seksualisert vald, men det å involvere dei i fredsprosessar som likestilte samfunnsaktørar sitt lengre inne, fortel Ericsson. Kvinners kroppar var og er fortsatt ei «krigssone». Dette kjem til dømes til uttrykk i krigsvaldtekter. Under andre verdskrig i Noreg var «tyskerjentene» det klaraste døme på at kvinners seksualitet får betyding i krig, meiner Ericsson. Dei blei sett på som seksuelle forrædarar for deira forhold til tyske menn, og deira born haldt fram med å vere «Tysklands born» etter krigen var over. Det var sterke krefter som meinte at dei burde deporteras  til Tyskland for å unngå at det norske folk blei besudla. 

At kjønna førestellingar og handlingsmønstre er verksame også i krig demonstrerast gjennom forskinga til Ericsson og hennar kollegaer. Denne forskinga gjer og eit vitnesbyrd om sår kvinner må bere etter krig.

Av Per Jørgen Ystehede, Marit Fosse
Publisert 4. nov. 2015 12:54 - Sist endra 26. feb. 2023 22:16