Forteljingar om rus held liv i cannabismiljøet

Forteljingar om rusbruk styrkar fellesskapskjensle og formar identitet.

«Den som sloss mot monstre» sa Nietzsche, «må passe på at han ikke blir et monster selv. Og hvis du stirrer lenge nok ned i avgrunnen vil avgrunnen stirre tilbake i deg» Frå Hinsides godt og ondt. Foto: Wikimedia Commons.

Cannabis kan vere døropnar til underbevisstheita.

Fredrik fortel om korleis cannabis hjelpte ham å slappe av og å fjerne angsten han sleit med. Hans historie er berre ein av mange forteljingar av denne typen ein finn i den delen av cannabis-røyrsla som fokuserer på stoffets medisinske kvalitetar. Ein annan cannabisbrukar, Torsten, fortel at for han handlar det ikkje om sjølvmedisinering, men det at sansane opnast opp:

- Du tenkjer på ein annan måte. Kanskje underbevisstheita di kjem til overflata. Det er umogleg å snakka om det utan å høyrast galen ut (ler). Men det er som om det er eit tynnare skilje mellom draum og verkelegheit. Det er den psykedeliske effekten som har vore mest attraktiv – den psykedeliske greia. Alle dei rare, morsame tinga du kan tenkje deg, også er det den skikkelege fine kjensla av ting. Sansane dine opnast opp. Berre det å sjå på himmelen. Den kjennast klarare. Det gjer eit sterkare inntrykk. Å høyre på musikk blir meir interessant og du kjenner at du forstår musikken betre.

Fredrik og Torstens forteljingar om kvifor dei brukar cannabis er eksempel på forteljingar ein ofte finn blant cannabisbrukarar. I kapitlet «Meeting the Djinn. Stories of Drug Use, Bad trips and Addiction» i antologien «Narrative Criminology. Understanding Stories of Crime» presenterer professor Sveinung Sandberg ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Universitetet i Oslo, og amanuensis Sebastian Tutenges , fleire av desse forteljingane.

Forteljingar om rus er ein del av den kulturelle praksisen som er med på å skape fellesskap og solidaritet mellom cannabisbrukarar. Forteljingane er òg ofte med på å vise at rusbruk er ein måte å bryte med samfunnets konformitet på, og med kvardagen. Derfor er ofte cannabisforteljingane kjenneteikna av beskrivingane av grensesprengande tilstandar og opplevingar, fortel Sandberg.

«Bad trips» og besøk i avgrunnen.

Professor Sveinung Sandberg. Foto: UiO.

Forteljingar om rusmiddel som metode for å oppnå grensesprengande tilstandar og opplevingar, og cannabis som medisin, har ei lang kulturell og litterær historie. Frå Vesten kjenner ein for eksempel Thomas De Quinceys «En engelsk opiumspisers bekjennelser» (1821), Sigmund Freuds anbefaling av kokain i «Om Cocain» ( frå 1884) som roande og bra for tannhelsa og Beatgenerasjonen med Alan Ginsberg og Jack Kerouacs forteljingar om rus som opprør mot styresmaktene. Særleg hippierørsla og det mange har kritisert som dens romantisering av rusbruk, har skapt mange positive forteljingar om rusopplevingar.

Det finst òg meir destruktive forteljingar blant brukarar, som forteljingar om «bad trips» og rusavhengigheit. Ein «bad trip» opplever du som regel berre éin gong fortel informantane til Tutenges og Sandberg og den vert tolka som eit varsel mot å gå for langt og miste kontrollen over rusbruken. Eller som nokre av cannabisbrukarane beskriv det: å setje seg fast i avgrunnen. 

I følgje Sandberg og Tutenges, som forskar innanfor feltet narrativ kriminologi, har alle samfunn forteljingar om avgrunnar og samfunnets skuggesider. I tidlegare samfunn har det vore møter med dei underjordiske, magiske vesen eller djevelen. Dagens destruktive rusforteljingar deler mange trekk med desse. Det er møter med «den andre sida» som er skremmande, men òg livgivande - det gir innsikter. Det er viktig å forstå og studere desse forteljingane meiner Sandberg, for å forstå kvifor folk vert trekte til rusmiddel.

Narrativ kriminologi – korleis forteljingar er med på å skape kriminalitet

Narrativ kriminologi søker å forklare årsakar til kriminalitet ved å sjå på korleis dei er motivert av kulturelle forteljingar

Er det slik at forteljingar berre er med på å legitimere kriminelle handlingar, eller forårsakar dei også kriminelle handlingar? Dette er eit sentralt spørsmål det jobbas med innafor feltet narrativ kriminologi, fortel Sandberg.

Narrativ kriminologi er eit gryande teoretisk rammeverk for studiet av forteljingar innafor kriminologi. Me er interessert i korleis kollektive og personlege narrativer set i verk, held ved lag og verkar inn på avståing frå skadelege handlingar. Ved å forske på forteljingar om rusbruk kan ein kartleggje nokre av motivasjonane brukararne har for å bruke illegale stoffer. 

Av Per Jørgen Ystehede, Marit Fosse
Publisert 11. des. 2015 16:42 - Sist endret 23. des. 2015 11:12