Sex utan vald

Det finst to forklaringar på kvifor menn valdtek. Den eine er skummel. Den andre er verre. 

MØRKE TAL: I løpet av eit liv kjem ei av ti kvinner til å oppleva valdtekt. Kan ei lovendring redda oss? Foto: Klassekampen

Klokka var over midnatt første gongen eg høyrde ei av desse historiene. Alkoholen hadde teke oss inn i ein døs som letta på kjensla av skam. Då kom forteljinga om det han hadde gjort – ein ho var glad i – slik at ting aldri skulle bli det same igjen.

Seinare har det kome fleire slike historier. Dei gjer vondt på så mange plan. Eg ser korleis venninnene mine kan slita med å gå vidare, klara å stola på andre og på seg sjølv. Det forsterkar sinnet over at gjerningsmannen kan leva vidare, ustraffa og tilsynelatande upåverka.

Venninnene mine er ikkje aleine. Då NRK-­programmet Trygdekontoret spurte fem på gata om valdtekt, kom historiene på rad. Ei kvinne dei møtte på Karl Johan fortalde om ei ho kjende som hadde opplevd ei gruppevaldtekt: «Ho blei ein heilt annan person. Ho var veldig omgjengeleg og så plutseleg slutta ho å gå ut døra.» Ei ung jente fortalde at fleire nær henne har opplevd valdtekt. «Dei slit med å koma tilbake. Tilbake til samfunnet og realitetane. Dei har alltid det arret. (...) Sjølvsagt, som kvinne er ein redd heile tida. Dessverre»

Frykta kjem ikkje frå ingenstads: Rundt ei av ti kvinner i Noreg har blitt utsett for valdtekt. For menn er talet ein av 100. Det er konklusjonen frå dei fleste omfangsundersøkingane som er gjort dei siste 15 åra.

Kor mykje er eigentleg ei av ti kvinner? I dag er det rundt 2,1 millionar kvinner i Noreg som er over 15 år. Det betyr at rundt 210.000 kvinner over 15 har opplevd eller kjem til å oppleva valdtekt. Dei fleste som gjer seg skuldig i desse overgrepa, er menn. Kvifor blir nokon menn valdtektsmenn? Og kva kan vi gjere med det?

Valdtektsmannen som forsvann

Den ferske boka «Seksuell vold. En samfunnsvitenskapelig innføring» av May-­Len Skilbrei og Kari Stefansen viser til at debatten om valdtekt ofte hamnar i eit vanleg spor:

Kommer i mars: Seksuell vold: En samfunnsvitenskapelig innføring av May-Len Skilbrei og Kari Stefansen.

Først får ei grov valdtektssak stor mediemerksemd. Så går fagfolk ut med velmeinande råd om kva kvinner kan gjera for å redusera sjansen for å bli utsett for overgrep. Kvinneaktivistar reagerer deretter på det dei meiner er forsøk på å dytta ansvaret over på offeret.

Resultatet blir ein polarisert debatt der me ikkje blir klokare på kvifor nokon menn valdtek, og kva ein kan gjera med det.

– Det er eit stort paradoks, sukker May­-Len Skilbrei over telefonen.

– Det er lite forsking som er gjort på dei som faktisk utfører valdtekter. 

Mesteparten av kunnskapen me har, er om ofra. Det er med på å skapa eit symbolsk band mellom ofra og ugjerninga, medan overgriparane slepp unna, seier Skilbrei.

Ho leiar institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo. Boka som ho har skrive, summerer opp det vesle me veit om overgriparen: Det er som regel ein mann. Han har som oftast ein relasjon til offeret. Han valdtar oftast innanfor rammene til eit parforhold eller på fest. Han blir som regel ikkje straffa.

Den kunnskapen me har om overgriparen, er i stor grad avhengig av at personen faktisk blir meld.

– Det er ikkje sikkert at dei som blir melde til politiet, representerer den typiske valdtektsmannen. Sjansen er at det er folk som enten har utført spesielt dramatiske og valdelege valdtekter eller at dei alt er søkelyset for andre kriminelle forhold, seier Skilbrei.

«Eg er redd kulturen dykkar»

Teoriane om kvifor nokre menn valdtek, er mange. Eg vel å starta med den mest optimistiske forklaringa: Valdtekt ligg i kulturen vår.

I boka «Fri oss fra kjærligheten» skriv danske Suzanne Brøgger at «det er ikkje pikkane dykkar eg er redd for. Det er kulturen.» På slutten av 1960-­talet vart ho utsett for ei valdtekt. Då ho skreiv om opplevinga, vridde tabloidavisene saka om til å bli ei sensasjonalistisk forteljing om Brøggers seksualmoral. «Det var på ein måte verre enn valdtekta», fortalde ho i Trygdekontoret.

Det er mykje takka vera den moderne kvinnerørsla som vaks fram på 1970-­talet, at me i dag ser seksuelle overgrep i lys av kulturen dei oppstår i. Her blir menn lært opp til å sjå på kvinner som objekt, og sex som noko dei har rett på. Ujamne maktforhold gjer at menn kan utnytta makta til å tileigna seg sex gjennom overgrep.

May-­Len Skilbrei peiker på metookampanjen som eit døme på at overgrep ofte handlar om ujamne maktforhold.

– Makt og seksualitet heng saman. Difor er det viktig å forstå kjønnsrelasjonar og maktstrukturar for å forstå kvifor nokon menn valdtek.

Dei mest radikale feministane avviser faktisk at valdtekt har noko som helst med sex å gjera. Dette synet målber Susan Brownmiller i boka «Against our Will» frå 1975, som New York Library har kåra som ein av dei 100 viktigaste bøkene frå førre hundreår. Ho presenterer valdtekt som ein medviten avskrekkingsprosess for å halda alle kvinner i ein konstant tilstand av frykt.

Valdtar menn for å skremma kvinner til underdanigheit? Det er ubehageleg å tenka på. Men Frøydis Patursson, leiar i rettshjelpsorganisasjonen Jurk, fortel at teorien i nokre tilfelle kan ha noko for seg. Gjennom jobben har ho møtt mange kvinner som lever i valdelege parforhold.

– Mange av dei som gjer seg skuldige i grove valdtekter, er sjuke. Nokon har ein idé om at kvinna bad om det. Det finst nok valdtekter som frå overgriparen si side er ei slags eskalert form for sex. Men det er også mange valdtekter som er rein vald og som inngår som ein del av det generelle valds­ og kontrollregimet til overgriparen, seier Patursson.

May­-Len Skilbrei seier ideen om at valdtekt ikkje har noko med sex å gjera, ikkje er utbreidd i Noreg.

– Denne forma for amerikansk radikalfeminisme trur eg kan vera skadeleg. Det forenklar synet på valdtekt, som om det var eitt fenomen. Men uansett: Menneska er sosiale dyr som lèt seg lett påverka av andre. Det høyrest plausibelt ut at kulturen vår kan vera med på å forklara kvifor nokre menn valdtek.

Kvifor er så dette den optimistiske forklaringa? Fordi kultur kan endrast. Tenk på reklameplakatar frå 1960-­talet der barna leikar i baksetet utan bilbelte. Slikt driv me ikkje med lenger. Då kan me også endre kulturen som gjer at nokre menn syns at sex er noko dei kan stela frå medvitslause jenter. 

Ei slik tilnærming finn ein til dø­mes i haldningskampanjen «Kjernekar» som har rundt 65.000 «likes» på Facebook. Kripos­kampanjen oppmodar menn til å vera greie på byen, og seia ifrå om nokon mister kontrollen. Dette kan vera med å presentera eit alternativt mannsideal, med sterke, men også omsorgsfulle menn.

Portrettbilde av May-Len Skilbrei
Instituttleiar: May-Len Skilbrei er leiar for Institutt for kriminologi og rettssosiologi. Foto: UiO/Tara Søderholm

Den mørke biologien

Men det finst ei meir brutal forteljing om valdtekt. Den handlar om biologi. I denne forteljinga er menn genetisk koda til å villa spreia genane sine mest mogleg. For naturen bryr seg ikkje om sex er frivillig eller ikkje.

– Valdtekt er ein vanleg del av forplantningsstrategien for mange dyr. Det inkluderer oss menneske, seier biologiprofessor Eivin Røskaft ved NTNU.

Koplinga mellom biologi og valdtekt fekk stor merksemd då boka «A Natural History of Rape» kom ut i 2000. Boka er signert biologen Randy Thornhill og antropologen Craig T. Palmer. Forfattarane presenterer valdtekt som ein strategi som menn stundom nyttar for å reprodusera seg. Røskaft seier denne strategien er mykje brukt i dyreriket. Han har mellom anna studert valdtekt mellom kråker.

– Hjå kråker er valdtekt veldig vanleg. Kråkehannane går ofte rett på valdtekt for å forplanta seg. NTNUprofessoren viser til at menneska er ein av få artar der kvinnene har skjult eggløysing. Det gjer at det ikkje er enkelt for menneske hannane å oppdaga når kvinnene er i stand til å bli gravide.

– For mannen kan kvinna oftare stå fram som tilgjengeleg for befrukting samanlikna med andre artar.

Dette er ubehageleg å tenka på.

– Ja, det forstår eg. For kvinner er menn tikkande bomber. Men sjølv om biologien gjer at menn kan vere tilbøyelege til å valdta, så har me ein kultur som seier at det ikkje er greitt. I møte med genetiske forklaringar på valdtekt kan ein handlingskampanje fort verka litt puslete. Dei som understrekar biologien, vil ofte ivra for strenge straffar for å skremma menn frå å valdta. Røskaft er ein av dei.

– Når straffereaksjonane blir mindre, så aukar sjansen for valdtekt. Me ser til dømes i krig at når konsekvensane for valdtekt forsvinn, så går talet på overgrep opp.

Samtykkelov?

Det er ikkje berre biologane som ropar på strengare straffar. Også kvinne rørsla ivrar for at fleire valdtekts menn skal hamna bak lås og slå. Under 8. marsmarkeringane i morgon kjem mange rundt om i landet til å gå under variantar av parolen «Sex uten samtykke = voldtekt – ny lov nå!». Parolen viser til den svenske samtykke lova, som vart fremma rett før jul. Den forbyr sex med personar som ikkje tydeleg samtykkjer til det i ord eller handling. Ap og SV er positive til ei slik lovendring, medan regjeringa har så langt avvist den.

Frøydis Patursson og Jurk har tvila seg fram til at dei støttar lovforslaget, sidan det kan vera med å endra haldningane våre til valdtekt. Ei slik lov vil understreka at om ein er usikker på om partnaren faktisk vil ha sex, så må ein spørja og ikkje berre køyra på. Men når Patursson får spørsmål om kva ho ser for seg vil redusera talet på valdtekter, listar ho opp saker som er langt dyrare enn ei lovendring: betre seksualundervisning, betre kapasitet til politiet og domstolane og fleire overgrepsmottak. Når me ser på desse meir langsiktige tiltaka i kampen mot valdtekt, er det ikkje mykje som går rett veg. I 2016 fjerna Politihøgskolen fordjupingsfag i valdtekt. I fjor kritiserte Riksadvokaten politiet for varierande kvalitet på avhøyr og dårleg sporsikring i valdtektssaker. Same år slo Oslo Krisesenter alarm i VG over at Familievoldsavsnittet på Stovner politistasjon blir broten opp som ei følgje av politireforma. Leiaren for krise senteret fryktar at kvinneliv står i fare på grunn av omorganiseringa. Samstundes manglar Noreg rundt 400 helsesøstrer. Blir då krangelen om paragrafar ei enkel løysing på noko som eigentleg bør kosta mykje pengar? Tanken har sviva Frøydis Patursson:

– Eg har inntrykk av at me ofte endar opp med å diskutera lovendringar i kampen mot valdtekt. Det er kanskje det enklaste og billigaste, seier ho. Men det billigaste er ikkje nødvendigvis det mest effektive

Saka vert publisert på papir i Klassekampen 7. mars 2018. Republisert med tillating frå Klassekampen.

Av Maria Lavik
Publisert 8. mars 2018 12:55 - Sist endra 8. mars 2018 13:45