print logo

Disputas: Geir Aas

Cand.polit. Geir Aas ved Institutt for Kriminologi og rettssosiologi vil forsvara sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d): Politiinngrep i familiekonflikter. En studie av ordenspolitiets arbeid med familiekonflikter/familievoldsaker i Oslo.

Dømmingskomité

  • Fyrsteopponent: Lektor Rolf Granér, Växjö universitet
  • Annanopponent: Professor Malin Åkerström, Lunds universitet
  • Tredje medlem og leiar av komiteen: Professor Annick Prieur, IKRS/ Aalborg universitet

Leiar av disputas

Professor Ragnhild Helene Hennum, UiO

Rettleiarar

  • Professor Liv Finstad
  • Professor Paul Larsson

Samandrag

 

"Politiinngrep i familiekonflikter. En studie av ordenspolitiets arbeid med familiekonflikter/familievoldssaker i Oslo"
 

Tema for Cand.polit. Geir Aas phd-avhandling er politiets arbeid med familievald, då vald mellom kjærastar, samlevarar og/eller ektefellar. Avhandlinga dreier seg i all hovudsak om menns vald mot kvinner.

Hovudproblemstillinga Aas søkjer å svara på er: Korleis forstår og handterar ordenspolitiet sine arbeidsoppgåver i familiekonfliktar og familevaldsoppdrag? Hovudformålet med Aas sin avhandling er å frambringe ny kunnskap om korleis politiet tenkejr - kva politiet gjer - og kvifor politiet arbeid som de gjer i oppdrag som omhandlar familiekonfliktar og vald i familier.

Grunna langvarig kritikk av politiets rolle i slike type saker, har det vært iverksatt handlingsplanar i politiet og kome NOU’ar som ”Retten til et liv uten vold” (2003). Aas finn likevel at det trass i fokus på politiets behandling av familievald, fortsatt er eit betydeleg gap mellom straffelov og politiets retningsliner og kva som er politiets faktiske praksis. Dette heng saman med at politiarbeidet kviler på skjønnsmessige vurderingar. Politiet kan føle ei konflikt mellom kva lova eller politiinstruksen seier, og kva som synast formålstjeneleg. At lovgivinga på feltet er uklar og at arbeidet går føre seg på ein privat arena er og viktige faktorar, i følgje Aas. Politibetjentars frustrasjon over at ofre for familievald yter motstand mot politiarbeidet og at de sjølv ikkje gjer meir for for å betre si situasjon, aldersforskjellar og ulik kulturell bakgrunn speler og inn – og vanskeliggjer politiarbeidet.
Aas stiller i ”Politiinngrep i familiekonflikter” spørsmålsteikn ved korvidt eit strafferettslig fokus i debatten om familievold er formålstenelig. Aas visar til dei gode erfaringane frå Storbritannia med Killingbeckprosjektet - og oppfordrar politiet om å etablera ein alternativ handlingsplan.
 
 

Publisert 10. mar. 2014 14:03 - Sist endra 25. mar. 2015 14:14