Arbeidsgruppe for romske barns rettar

Denne arbeidsgruppa tek sikte på å belysa situasjonen for romske barn som er under omsorgsovertakelse.

Kva for nokre mogligheiter har barn av romslekt til å halde ved lag sin identitet som norske rom? Foto: privat

Om prosjektet

Me ønskjar å få fram kunnskapar om situasjonar som barn av romslekt er i, under omsorgsovertakelse med vekt på kontakt med eigen familie, slekt og rommiljø. Me er og opptatt av kva for nokre mogligheiter denne gruppa barn har til å halde ved lag og lære eiget språk og mogligheiter for å halde ved lag identitet som norske rom.

Me ønskjar og å sjå deira situasjonar i forhold til lovreglar, internasjonale konvensjonar og politiske føringar i stortingsmeldingar osv.

Romfamiliars erfaringar i dag har likskapstrekk med det minoritetar som samar og romanifolk opplevde då assimileringspolitikken sto sterkt. Dette opner for å ta opp til drøfting kva for nokre forståelsesmåtar som er i bruk når rom og romborns situasjonar skildras, og som legges til grunn for avgjerdsler av ulike slag.

Mål

Arbeidsgruppa vil arrangera nokre arbeidsseminar i løpet av 2013 med deltaking frå representantar som har med rombarns situasjonar å gjere; som Barneombudet, Likestillingsombudet, Barne- og ungdoms- og familiedirektoratet. Juristar og politikarar som arbeidar med dette vil også trekkas inn. Det første seminaret vil haldes den 15. mars.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av UiO og er i ferd med å opparbeida søknadar til eksterne institusjonar.

 

Publisert 6. feb. 2013 17:21 - Sist endra 22. sep. 2015 08:13

Deltakarar

  • Hedda Giertsen
  • Ida Nafstad
  • Hanna Bull
  • Ada Engebretson
  • Balder Hasvoll
  • Inger Sigfridsson
  • Robert Lorentzen
  • Sima Millon
Detaljert oversikt over deltakarar