Skandinavisk isolasjonsnettverk

Skandinavisk isolasjonsnettverk (SI) vil bidra til auka kunnskap og eit kritisk fokus på den omfattande bruken av isolasjon i skandinaviske fengsel og problema denne medfører.

Isolasjon er eit svært sterkt maktmiddel, men nyttes likevel både rutinemessig og ofte i skandinaviske fengsel. Foto: Børge Helstrøm, Flickr.

Om prosjektet

Isolasjon er kjenneteikna ved at fangar opphalder seg 22-24 av døgnets timar åleine på cella, samt at meiningsfylt sosial kontakt typisk er redusert til eit minimum. Dette er eit drastisk inngrep i den enkeltes liv, og går langt ut over dei sterke begrensningar som allerede fylgjer av alminneleg fridomsberøving.

Skandinavisk isolasjonspraksis reisar ei rekke spørsmål om rettstryggleik. Den inneber også at fengsla utsetjas for helsemesseg fare – dei negative helsemessige virkingane av isolasjon er veldokumentert i vitenskapeleg litteratur. Også pårørande kan bli sterkt påvirka av isolasjonsfengslinga, blant dem barn. Likevel blir dette svært kraftige maktmiddelet benytta både rutinemessig og ofte i skandinaviske fengslar.

Mål

SI ønskjer å bidra til eit kritisk fokus på alle formar for isolasjon i fengslar og andre forvaringsstadar. Etter vårt syn er det ikkje retta tilstrekkeleg oppmerksomhet mot den omfattande bruken av isolasjon i skandinaviske fengslar og problema dette medfører – ikkje minst i forhold til dei isolasjonsfengsla sin helse og rettstryggleik.

SI søkar først og fremst å samla interesserte i dei skandinaviske landa, og er åpent for både forskarar, studentar, embedsmenn, fangar, fengselsfagleg personale, advokatar, tilsette i politi og påtalemakt, dommarar, helsepersonell, relevante NGO-ar og andre som måtte ha ein fagleg interesse for isolasjon.

SI samlas to ganger i året. Samlingane går føre seg på det språket som er mest hensiktsmessig for deltakarane, i hovudsak skandinavisk. I tillegg består nettverket av ei epostliste, der medlemmane oppfordras til å informera kvarandre om relevante aktivitetar og prosjekt, og utveksle artiklar og anna informasjon. Lista består i dag av om lag 90 medlemmar.

Finansiering

Nettverket har mottatt støtte frå NSfK og Universitetet i Oslo.

Resultater

Gjennom artiklar, seminar, møter og uttalelsar i offentlegheita ønskjer me å styrke utvekslinga av relevant informasjon, og dermed kunnskapsnivået på dette området – både i forhold til forsking, fengselsarbeid, offentlige maktar, medier og det øvrige sivilsamfunnet.

Bakgrunn

SI er administrert frå Institutt for kriminologi og rettssosiologi (IKRS) ved Universitetet i Oslo. Nettverket blei lansert på KROMs vinterkonferanse i januar 2014 og koordineras av ei styringsgruppe:

  • Marte Rua (kontaktperson) - stipendiat ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, UiO
  • Thomas Horn - stipendiat ved Institutt for offentlig rett, UiO
  • Peter Scharff Smith - seniorforskar ved Institut for menneskerettigheder, København
  • Marit Lomundal Sæther - advokatfullmektig ved Hestenes og Dramer & Co og leder av Rettspolitisk forening 

 

Emneord: Isolasjon, Fengselstraff, Varetekt, Menneskerettigheter, rettssikkerhet
Publisert 2. des. 2013 16:20 - Sist endra 2. juni 2016 10:09

Kontakt

Spørsmål om SI, forslag til aktivitetar og førespurnader om samarbeid ønskjes velkommen, og kan rettas til nettverkets kontaktperson Marte Rua.

 

Epostliste

Meld deg på vår epostliste!

 

English

Go to the network's English web pages