Rettssosiologisk seminar: Menneskerettar i psykiatrien
Blir menneskerettar tekne godt nok vare på i psykiatrien?
Kilde: Wiki Commons
Ei ny kommunal helse- og omsorgslov er på vei. I høyringsnotatet, som hadde høringsfrist 18. januar 2011, er det ikkje foreslått endringar som får følger for psykisk helsevern.
Organisasjonen Mental Helse er kritiske til dette. Samtidig med å gi et høyringssvar, arbeider Mental Helse også med å utarbeide forslag til endringar i Lov om psykisk helsevern innen 30. mai 2001, der Mental Helse er spesielt opptekne av menneskerettar innanfor psykiatrien.Dette skjer blant anna gjennom deltaking i eit lovutvalg kalla ”Paulsrudutvalget”, som skal utrede etiske, faglige og rettslige sider av dagens reglar og praksis innanfor psykisk helsevern.
Ei utfordring er, ifølgje Paulsrudutvalget sin leiar, å ”finne en god balanse må man ta hensyn til pasientens autonomi, samtidig som man må tenke på beskyttelse og omsorg”. Utvalget ønskjer at pasientar sin rettssikkerhet skal styrkast i større grad, og at menneskerettar og diskrimineringsvern skal få større vekt i nye lovreglar på dette feltet. Eit eksempel på problemstillingar er korleis ein kan arbeide desse krava inn i lovreglar omhandlande bruk av tvang. Mental Helse sine erfaringar fra deltakinga i Paulsrudutvalget, har også blitt integrert i deira høyringssvar til forslaget om ny kommunal helse- og omsorgslov.
Landsleder i Mental helse, Anne Grethe Klunderud, sit i Paulsrudutvalget, og vil innleie om lovendringarbeidet og bakgrunnen for ønskjet om lovendring.
Innleiar er og Mette Ellingsdalen, We Shall Overcome WSO
Fleire innleiarar vil bli annonsert.
Ope for alle
Hjarteleg velkomne!