Tal og fakta

Institutt for kriminologi og rettssosiologi (IKRS) er ein av fem grunneiningar ved Det juridiske fakultetetet.

Instituttet er Noregs einaste fagmiljø for forsking og utdanning i kriminologi og rettssosiologi. Me er eit nytenkjande, forskingssterkt og internasjonalt orientert miljø som saman med ein liten, men stabil administrasjon administrerer fire studieprogram.

Kriminologi og rettssosiologi er to fag som på kvar på sin måte granskar samfunnet og sosiale forhold med fokus på kriminalitet, kontroll, avvik, strafferettslege normer, rettslege institusjonar og funksjonane til rettssystemet.

Instituttet har ein årseining, eit bachelorprogram, og eit masterprogram i kriminologi, og eit masterprogram i rettssosiologi. Me har cirka 300 studentar ved programma våre og i tillegg tek mange studentar enkeltemne hos oss. Vidare underviser og rettleier våre tilsette i ph.d.-utdanninga. Vel 20 av kandidatane på Det juridiske fakultets ph.d.-program er knytt til instituttet.  

Undervisinga omfattar eit breitt spekter av ulike fagområde og faglege fordjupingar. Instituttet er oppteke av studentaktive læringsformer, og emna gir studentane læringsutbytte i akademiske, sosiale og digitale ferdigheiter.

Instituttet er også vertsinstitusjon for det studentdrevne rettshjelptilbudet Jussbuss.

Tilsette

Instituttet har 47 tilsette med 12 professorar, 5 administrative, 12 stipendiatar, 12 postdoktorar/andre mellombelse og 6 vitskaplege assistentar. Instituttet har òg 10 emeriti.

Eit mangfaldig institutt

Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø innan kriminologi og rettssosiologi. Me forskar på norske så vel som globale spørsmål, har fleire store forskingsprosjekt med internasjonale partnarar, og rekrutterer globalt. Me har òg fleire samarbeidsavtalar med utanlandske universitet på utdanningssida, og me legg til rette for at studentane kan dra på utveksling. Me bruker både norsk og engelsk som arbeidsspråk.

Sjølv om kriminologi og rettssosiologi er sjølvstendige forskings- og undervisingsfag, held rekrutteringa til faga fram med å vere fleirfagleg; forskarar som verkar som kriminologar og rettssosiologar har òg bakgrunn frå fag som historie, sosiologi, psykologi og freds- og konfliktstudiar.

Forskningsverksemd

Forskningsverksemda ved instituttet består av individuell forsking og samarbeid i forskingsprosjekt, forskargrupper og faggrupper.

Det meste av forskinga som går føra seg er grunnforsking finansiert over basisfinansieringa. I tillegg kjem eksternfinansierte prosjekt mellom anna finansiert av Forskningsrådet og Nordic Research Council for Criminology (NSfK).

For tida har me òg to prosjekt finansierte av Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Populære fag

Kriminologiske og rettssosiologiske emne er blant dei mest populære ved Universitetet i Oslo. I 2023 var det totale talet på søkjarar på kriminologi eller rettssosiologi 7074, der 1362 hadde kriminologi eller rettssosiologi som fyrsteval.

Det går til ein kvar tid ca. 60 studentar på masterprogramma ved IKRS og omtrent 240 på bachelor og årseining.

Publisert 29. feb. 2024 14:28 - Sist endra 22. mars 2024 11:39