Organisasjon

Hovudorgana for instituttet er samansette av:

  • ein instituttleiar og ein nestleiar
  • ein administrasjon leia av ein kontorsjef
  • eit instituttråd
  • eit programråd

Leiinga ved instituttet

Instituttleiinga består av ein vald instituttleiar, ein nestleiar og ein kontorsjef. Instituttleiar leiar den faglege verksemda ved instituttet, og har ansvaret for heile verksemda til instituttet. Nestleiaren er vikaren til instituttleiaren.

Kontorsjefen tar hand om leiinga av instituttet sitt administrative og forvaltningsmessige arbeid i samråd med, og på delegasjon frå instituttleiar.  

Instituttleiinga for perioden 2022 til 2025:

  • Instituttleiar Helene Gundhus
  • Nestleiar Peter Scharff Smith
  • Programrådleiar Katja Franko
  • Kontorsjef Eivind Roll

Instituttrådet

Instituttrådet er det høgste organet for instituttet, og har ansvar for å fastleggje overordna mål, prioriteringar og strategiar for verksemda. Instituttråd blir leia av instituttleiar med vikaren for instituttleiar som nestleiar. I tillegg skal rådet vere samansett av ein representant for dei vitskapleg tilsette, ein representant for det teknisk-administrative personalet og to representantar for studentane.

Instituttleiar har overordna ansvar og myndigheit med omsyn til alle oppgåver som ikkje er direkte tildelte myndesområdet til instituttleiinga, og har generell fullmakt til å avgjere løpande enkeltsaker.

Kontorsjefen tar hand om leiinga av instituttet sitt administrative og forvaltningsmessige arbeid i samråd med, og på delegasjon frå instituttleiar.

Programrådet

Programråd for Bachelor i kriminologi, Master i kriminologi og Master i rettssosiologi (PKRS) har det koordinerande overordna ansvaret for studieprogramma til instituttet, jf. § 15 og 16 i Styringsreglar for Det juridiske fakultet. PKRS behandlar dei faglege rammene, viktige prioriteringar og opplegg for kvalitetssikring av programma.

Fagutval

IKRS har også eit fagutval på bachelorprogrammet i kriminologi og eit felles fagutval for masterprogramma i kriminologi og rettssosiologi. Fagutvala er studentane sine organ på instituttet. Dei er organ for kommunikasjon og samarbeid mellom studentar på ulike nivå, og mellom studentar og tilsette ved instituttet. Utvala fremjar og følgjer opp saker til instituttleiing, lærarmøte, studentpolitiske organisasjonar og andre avgjerdsorgan.

I tillegg til å ta vare på faglege spørsmål arrangerer også fagutvala ulike sosiale tilbod for studentane, til dømes fadderveka for nye studentar kvar haust. 

Sjå meir:

Publisert 2. okt. 2012 10:21 - Sist endra 28. juni 2023 10:21