Full storm for internasjonal strafferett

Internasjonal strafferett vert stadig kritisert for sine langsame og dyrekjøpte rettsprosessar, og for å utøve ei type rettferd meir prega av størkna maktforhold og vinnaranes justis enn noko anna. Men den siste månaden har det blåse i alle retningar for den internasjonale strafferetten:

I Jugoslavia-tribunalet vart den bosnisk serbiske leiaren Radovan Karadžić dømd for sitt overordna ansvar for folkemordet i Srebrenica i 1995. Ultranasjonalisten Vojislav Šešelj vart overraskande frikjend for alle tiltalepunkt. ICC, den internasjonale straffedomstolen, dømde den tidlegare visestatsministeren i DR Kongo, Jean-Pierre Bemba Gombo, for overgrep gjort i Den sentralafrikanske republikk i 2002-2003. Samstundes bekrefta ICC dei over 70 tiltalepunkta mot den tidlegare barnesoldaten og kommandøren i Herrens motstandshær, Dominic Ongwen, og tiltalen mot Ahmad Al Faqi Al Mahdi for øydelegginga av ei rekkje kulturminne i Mali. Dei to sistnemnde sakane kan no bringast for retten, og vil utvilsamt skapa ny presedens i internasjonal strafferett. Mest kontroversielt er domstolens ugilding av rettssaka mot Kenyas visepresident William Samoei Ruto. For eit felt kor det kan ta år mellom kvar dom, er utviklinga dei siste vekene for ein storm å rekne.

Folkemord

Karadžić vart altså funnen skuldig i folkemord for hans rolle mellom anna i masseavrettingane i Srebrenica i 1995. Ein dom for folkemord blir oppfatta som viktigare enn ein dom for brott mot menneskeslekta fordi folkemord er vanskelegare å bevisa, men og fordi det ber med seg ei symbolsk tyngd andre krigsbrot ikkje har. Sånn sett er tribunalet si avgjerd knytt til Srebrenica viktig. Men under tiltalepunktet for folkemord i andre geografiske område i Republika Srpska blei han frikjend. Dette er ei avgjerd som uunngåeleg kjem til å bli brukt i nasjonalistisk politikk på Balkan, og som bidreg til ein pågåande og vanskeleg konflikt om reell anerkjenning av ofre og deira lidingar.

Karadžić blei idømd 40 år i fengsel. For ein 70-åring er det tilnærma ein livstidsdom. Men Karadžić kan bli rettkomen tidleg lauslating etter å ha sona 2/3 av straffa. Etter å ha trekt frå dei åtte åra han har sete i varetekt, kan han bli sett fri etter om lag 19 år gjeve at straffa oppretthaldast i ankesaka, og han ikkje blir lauslaten tidlegare grunna alderdom eller sjukdom. Det er allereie rapportert om offerorganisasjonar som reagerer på at domstolen ikkje dømer til si strengaste straff: Om ikkje ein gong Srebrenica resulterer i livstidsdom, kva slags handlingar er det tribunalet ser for seg at kan rettferdiggjera ei slik straff?

Dømd for kva han ikkje har gjort

Ei mindre omtalt rettsavgjerd i den norske offentlegheita er dommen som falt mot kongolesaren Jean-Pierre Bemba Gombo i ICC. Bemba vart dømd som leiar for Mouvement de libération du Congo for krigsbrott og brott mot menneskeslekta i Den sentralafrikanske republikk i 2002-2003. Saka er spesiell av fleire grunnar.

Saka er den fyrste hos ICC som fokuserer på kommandoansvar. I dommen blir det stadfesta at Bemba visste at troppane hans valdtok og drap sivile, men at han ikkje gjorde noko for å hindra det. Ugjerningane vart av retten oppfatta som ei følgje av Bembas mangelfulle kontrollutøving. Han vart med andre ord dømd for kva han ikkje har gjort, snarare enn for kva han faktisk har gjort.

Av ICCs fire dommar, er saka også den fyrste til å døme nokon for seksuelle brott. Dette er ei prioritert gruppe brott for ICC sin anklagar og eit område kor menneskerettsorganisasjonar ytar særlig press. Det omfattande bevismateriale inkluderer ei rettsleg anerkjenning av at også menn blir utsett for valdtekt i krig. Saka er allereie omtala som eit landemerke i den internasjonale strafferetten. Den fellande dommen mot Bemba gir av denne grunn åleine ei etterlengta stjerne i boka til ICC.

Skuldetableringa gjer det no mogleg for ofra å søkje om erstatning frå ICCs fond for ofre. Grunna tryggleiksituasjonen i Den sentralafrikanske republikk har det derimot vore vanskelig for ICC å finna lokale samarbeidspartnarar til dette føremålet. Av same grunn, veit vi også lite om korleis dommen er blitt tatt i mot i det sentralafrikanske sivilsamfunnet. Det i seg sjølv illustrerer avstanden i internasjonal strafferett: når vi veit lite om korleis rettsavgjerda blir oppfatta lokalt, kven er den då den eigentlege mottakaren av rettferda som kjem ut av Haag?

Vanskeleg veg vidare

Førre månad vart feira i internasjonale strafferettsmiljø med god grunn. Det var ein månad med gjennombrot knytt til folkemord på Balkan, kommandoansvar og seksualbrot. Men vinden bles i alle retningar:

Då jugoslaviatribunalet avsa sin dom mot Vojislav Šešelj sist veke, var det venta å gje ny grunn til feiring. Šešelj sto tiltalt for omfattande brott mot menneskeslekta og for å fremje planar om eit Stor-Serbia gjennom deportasjonar, drap, tortur, og seksuell vald mot ikkje-serbiske sivile. Som for å blåse lufta ut av ballongen, vart Šešelj frifunnen på alle tiltalepunkt. Dette hender midt i oppkøyringa til valet av nasjonalforsamling i Serbia. Det er et val kor Šešelj stillar som fyrstekandidat for partiet Serbian Radical Party, eit parti som er grunnlagt på den type haldningar Šešelj sto tiltalt for i Haag. Vedlagt dommen er ein dissens frå ein av dommarane som hudflettar både aktoratet og meddommarane for slett arbeid og som med reine ord skyldar tribunalet for å la ein krigsforbrytar gå fri.

Som for å sikra at internasjonal strafferett held fram med å vere kontroversiell, bestemte ICC tysdag at saka mot den kenyanske visepresidenten William Ruto avviklas fordi aktoratet ikkje har nok bevis. Ein av dommarane uttalte at rettssaka vart underkjent grunna ein omfattande politisk innblanding, som blant anna har omfatta truslar mot aktoratets vitne. Tilbake står 1200 drepne, eit stort tal valdtekne og hundretusenvis internt fordrivne som kan sjå langt etter si oppreising i Haag.

Av Kjersti Lohne og Anette B. Houge
Publisert 15. apr. 2016 16:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere