Forbrytelse og straff i Kardemomme by

I Aftenposten sitt A-magasin fredag 5. januar kunne ein finne eit intervju med Nils Christie, i anledning det nært føreståande KROM-seminaret. Det er altså 37. gong Norsk forening for kriminalreform møtest til symposium. Hovudtema for konferansen er ”Hvor går straffene i Norge”?  

I intervjuet nemner Christie ein av dei meir vanlege kommentarane kriminologar får: ”Det er jo det rene Kardemomme by, det du sier”. Og han svarer; ”Ja det er jeg stolt over. Torbjørn Egner var en meget innsiktsfull kriminolog.” (Olsen 2007) Kva kunne ligge i dette? Kunne Torbjørn Egner vore ein god kriminolog?

Dei fleste av oss har eit forhold til Torbjørn Egner sine bøker. Dei har påverka fleire generasjonar born sidan 1950-talet. Øystein Sjaastad har skrive om den Egnerske filosofi. Han meiner å kunne skimte Egner si grunnholdning i fleire av verka hans (vi unnlet å nemne vesle Hoa i denne sammenheng). I Kardemomme by ordnar det seg for røvarane. Og i Hakkebakkeskogen ordnar det seg for utsatte dyr på grunn av eit allmøte med flat maktstruktur i skogen. Ein legg naturtilstanden bak seg, og inngår ei samfunnspakt etter ein diskusjon der alle parter i konflikta får kome til orde. Lova kom i kjølvatnet av ein dramatisk situasjon der bestemor Skogmus klarte å unnsleppe å bli eten av Petter Pinnsvin, kun ved hjelp av ein paraply og eit tilfeldig vindkast. Bamsefar tok grep, etter appell frå Morten Skogmus som var bekymra då bestemor landa hjå han etter den dramatiske hendinga.
Allmøte blei satt, lov vedteken:
§ 1. Alle dyrene i skogen skal være venner.
§ 2. Ingen har lov til å spise hverandre (dissens: Mikkel Rev og Petter Pinnsvin, rovdyr).
§ 3. Den som er doven og ikke finner mat selv, må ikke ta mat fra andre (dissens og forslag til tillegg: Klatremus, bohem og musikant). Tillegg: Det er lov å få mat.
(Egner 1997:47, 60).


Sidan Hakkebakkeskogens dyr dannar eit lite samfunn der alle kjenner alle, kan ein kanskje kalle Hakkebakkeskogen eit ”tett” samfunn, om ein brukar eit kjent Christie-begrep. Ein kan kanskje også seie at Kardemomme by ber kjenneteikn på eit slikt tett samfunn. Mange vegrar seg her for å trekkje inn det offentlege i konflikta mellom røvarane og byens innbyggjarar. Spesielt Politimester Bastian er skeptisk (også fordi det bur ei løve der i det rotete røvarhuset utanfor bymuren). Det er heller ingen som sender bekymringsmelding til barnevernet om vesle Kamomilla som med jernhand blir isolert i heimen. I staden bankar ein på døra og er medmenneske.

Men tilbake til røvarane: då det blei for mykje stjeling, og spesielt då ei av byens kvinner, tante Sofie, blei røva til huset for at ho skulle stelle huset til røvarane, kom situasjonen ut av kontroll og Bastian vart nøydd til å gripe inn trass løve. Fengsling kom på grunnlag av brot på Kardemommeloven;

Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre som man vil.

Røvarane blir sett i fengsel av ein unnskyldande politimester. Det er eit svært triveleg fengsel med mykje god mat og gode samtaler og song og dans med politimester og frue. Løva fekk også mat medan røvarane ikkje kunne fylle sin omsorgsansvar. Etter ei stund skjer det at det bryt ut brann i tårnet til Tobias. Det viser seg at røvarane har gode akrobatiske evner og kreativitet, dei greier å sløkke brannen og redde meteorologen, papegøya frå Amerika og hundekvalpen, til stor jubel frå byens innbyggjarar. Alle, spesielt Bastian, er glade og letta når dei ser at røvarane kan få nye roller i byen. Og ikkje berre det; dei får damer også. Tante Sofie slår seg i lag med ein av røvarane (nokre ville kanskje kalle det eit eksempel på Stockholmsyndromet). Det ender godt på alle vis. Røvarane blir møtt med tillit og respekt. Røvarane ønskjer reintegrering. Dei forkastar ikkje lenger forkastaren, slik Becker kanskje ville sagt det om han brukte nynorsk.

Eg er mor til ein gut på 4 ½ , han heiter Lukas. Han er glad i å gå på teater, og han tenkjer mykje og spør mykje, som fireåringar flest. Rett før jul i fjor tok eg han med på Nationaltheatret. Stykket var ”Folk og røvere i Kardemomme by”. Salen var stappfull av spente og glade born, og vaksne med barndom i blikket. Det er ikkje alle teaterstykke som får et par hundre born til å sitte musestille. Men det kan dette stykket. Eller, musestille er kanskje ikkje det rette ordet. Engasjerte, det er ordet. Spørsmåla som kjem opp i forteljinga om Kardemomme by, engasjerer folk i alle aldrar. Stykket om Kardemomme by snakkar til born, og det snakkar til barnet i oss som er vaksne. I vår vaksne, noko desillusjonerte verd er det ikkje lenger sjølvsagt at Kasper og Jesper og Jonathan går rett ut i yrker som brannmester, baker og sirkusdirektør etter endt soning. Men for Lukas og dei andre borna i salen er det ikkje noko merkverdig ved denne reintegreringa til samfunnet.

Då Kasper og Jesper og Jonathan tok ein runde rundt blant borna i salen, til stor jubel blant små og store, reiste min håpefulle seg opp av stolen og vinka og ropte ”HEI KASPER OG JESPER OG JONATHAN, JEG ER HER BORTE!!!” Det er vel kanskje ikkje så mange av oss som dannar velkomstkomitè utanfor Oslo Fengsel, og ventar på bandittar ein kan helse på og ønskje velkomne tilbake. Det er noko med blikket for stigma. Små born har det ikkje. Det er eit blikk som er tillært. Etter kvart som born veks til, forsvinn mange av dei enkle løysingane.

Men er dei eigentleg så enkle, desse løysingane i Egner sine verk? Krevjer dei kanskje ikkje meir av innbyggjarane? Har vi ikkje eigentleg mista noko verdifullt? Ein har kanskje mista illusjonane. Eller ein kan snu på det; ein har mista optimismen og ein lever i eit samfunn der ein hevdar at ei fange som har sona ei straff, verkeleg har betalt prisen for handlingane og kan starte med blanke ark. I teorien og i festtalene ja. Men i praksis?

Lukas og eg sat og snakka litt på kjøkenet for eit par dagar sidan, han nemner stadig den gongen vi såg Kardemomme by på teater. Samtalen var omtrent slik:

L: Husker du da vi var og så på Kardemomme by? Det var så kult!
C: Ja det huskar eg veldig godt. Kvifor syns du det var så kult det stykket? Kva likte du best?
L: Jo, jeg likte løven, og så likte jeg Politimester Bastian, og Kasper og Jesper og Jonathan.
C: Seier du det? Kvifor likte du Bastian så godt då?
L: Fordi han satte Kasper og Jesper og Jonathan i fengsel!
C: Ja det gjorde han. Kvifor gjorde han det då trur du?
L: Jo fordi han er så snill, han ville at Kasper og Jesper og Jonathan skulle få en annen jobb!

Så enkelt er det. Og kanskje så vanskelig. Var det ikkje eigentleg et mål her i den verkelege verda, å bruke fengselsstraff som eit middel til å sende fangane gjennom ein slags metarmorfose der en skulle komme ut som noko anna, altså fengsel som botsøvelse? Var det ikkje difor det var kalla botsfengsel i si tid? Dette er ikkje eit forsøk på å innføre Kardemommeloven i Noreg. Men det kan vere, medan vi gledar oss til det 37. KROM-symposium, ei litt humoristisk og likevel litt alvorlig påminning om kva for ein ytterkant av straffestrenghetsaksen ein kan la seg inspirere av. Ein treng ikkje gå i barndommen for å våge å stille dei store, grunnleggjande spørsmåla om menneskeverd, menneskesyn og samfunnet sine verkemåtar.

Relevant litteratur:

Becker, Howard S. (1973): Outsiders. Studies in the sosiology of deviance.
New York: The free press.
Christie, Nils (1982): Hvor tett et samfunn? Oslo: Universitetsforlaget.
Christie, Nils (1982): Pinens begrensning. Oslo: Universitetsforlaget.
Christie, Nils (1977): “Konflikt som eiendom.” I: Tidsskrift for rettsvitenskap, vol. 90.
Egner, Torbjørn (1979): Folk og røvere i Kardemomme by. Cappelen forlag.
Egner, Torbjørn (1997): Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen. Cappelen forlag.
Mathiesen, Thomas (1995): Kan fengsel forsvares? Oslo: Pax forlag. Uke 2 | Ukens spalte |
Olsen, Inger Anne: ”Plages av pinen”. Intervju med Nils Christie.
I: Aftenposten, A-magasinet, 5. januar 2007.
Sjaastad, Øystein (1998): Symposiet i Kardemommebakkeskogen. En filosofisk fest i Torbjørn Egners ånd. Oslo: Huitfelt forlag.

Emneord: straffenivå, marginalisering, rehabilitering Av stipendiat Camilla Lied
Publisert 25. feb. 2011 14:21 - Sist endra 25. feb. 2011 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere