English version of this page

Omforminga av folkeretten og norsk suverenitet i 1814

Prosjektet er ein del av 2014-satsninga til "Forskargruppa for rett, samfunn og historisk endring" ved Det juridiske fakultet i Oslo.

Europakartet. Kilde: Colourbox

Om prosjektet

Prosjektet tar sikte på å undersøkje frå eit folkerettsperspektiv den historiske prosessen knytt til Noregs overgang frå å vere eit element i den dansk-norske heilstaten til unionen med Sverige.

I åra fram mot 1815 blei mange hovudtrekk av det som skulle bli det moderne Norden fastlagt. Mellom anna gjeld dette ytre grenser og nye forfatningar. Desse utviklingane skjedde innanfor eit folkerettsleg rammeverk i vesentleg endring. Revolusjonskrigane og napoleonskrigane som følgde etter den amerikanske (1776) og den franske (1789) revolusjonen var delvis resultat av – og førte delvis til – store omformingar av folkeretten, som delvis vart oppsummert under Wien-kongressen (1815). Tida frå 1770-åra til 1815 er ein av dei viktigaste endringsperiodane i folkerettshistoria.

En nærmere prosjektbeskrivelse (engelsk).

Mål

To hovudområde av folkeretten vil bli undersøkt.

1) Ulike typar statssamband og -alliansar i Norden før og i 1814-15. Desse skal samanliknast med dei ulike typane underordningsformer som blei etablert mellom nabostatar under ekspansjonen av det napoleonske imperiet og dei tradisjonelle og endra tilhøva mellom statar i det som seinare vart det samla Tyskland. Alliansar skal studerast som ein særleg type statssamband. Som del av krigen mot Napoleons Frankrike forma dei andre stormaktene alliansar. Desse var vesentlege for utviklinga og for Napoleons fall.

2) Nøytralitet og kaperfart i folkeretten. For dei skandinaviske statane var nøytralitetsreglar uhyre viktige for å halde oppe den kommersiellle skipsfarten mens Storbritannia og ulike andre land var i krig frå den amerikanske sjølvstendekrigen og framover. Etter at dei nordiske statane sjølve blei involvert i krigane, blei kaperfart viktig som krigføring og inntektskjelde for dei òg. Reglane om nøytralitet og prise-taking var svært omstridde mellom på den eine sida den leiande sjømakta Storbritannia og på den andre sida, særleg USA, Prøyssen og dei nordiske statane. Desse reglane var òg svært viktige i utviklinga av folkerettens status i engelske domstolar, og dermed for utviklinga av den generelle folkeretten.

Bakgrunn

Prosjektet er initiert av forskargruppa for Rett, samfunn og historisk endring ved Institutt for offentlig rett, ved Det juridiske fakultet (UiO). Prosjektets leiare er professorane Dag Michalsen og Ola Mestad.

Finansiering

Prosjektet var finansiert av Centre for Advanced Study (CAS) i Oslo.

Samarbeid

Max-Planck-Institut for European Legal History

The Research Project Europe 1815-1914

Arbeidssted

Forskargruppas arbeidsstad 2012-2013 var Senter for grunnforskning/The Centre for Advanced Study (CAS). Frå hausten 2013 blir arbeidsstadet Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo.

 

Publisert 13. juni 2012 20:28 - Sist endret 21. apr. 2017 10:56