Om forskinga

Forskinga ved Nordisk institutt for sjørett er knytt til fem hovedområde:

• Rettslege rammer for skipsfarts-, offshore og energisektorane
• Kontraktar i skipsfarts-, offshore-, og energisektoren
• Tryggleik og ansvar innanfor skipsfarts-, energi- og *offshoresektoren
• Energimarknadsrett
• Energi, offshore, skipsfart og miljø
• Infrastruktur i transportsektoren

Som eit nordisk institutt, har Instituttet ei formell oppgåve i å fremja forsking innan desse områda, ikkje bara i Noreg, men innanfor alle dei fem nordiske landa.
Områda vil analyserast i lys av mellom anna

i.   utviklinga i nasjonale, nordiske og internasjonale regler og avtaler innanfor desse områda
ii.  utviklinga i organiseringa av skipsfarts-, petroleum- og energisektoren
iii. eksisterande og ny alminnelege formuerett, forvaltningsrett, EU-rett og folkerett
iv. miljøomsyn og utviklinga i miljøretten

Instituttet er vertskap for og deltek òg i forskargruppe for Naturressursrett.

Publisering

Mykje av forskinga vert publisert i vår skriftserie MarIus, i bokutgivelsar eller internasjonale publikasjonar. I skriftserien inngår òg Instituttet si årbok SIMPLY – The Scandinavian Institute’s Maritime and Petroleum Law Yearbook.

Publisert 2. okt. 2012 13:51 - Sist endret 15. mai 2017 17:36