Meir enn sjørett

Forskingsområda til instituttet er i dag knytt til skipsfart, petroleum, forsikring, kontraktar, EU/EØS-rett, energi og naturressursar.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Nordisk institutt for sjørett vart etablert av Nordisk Ministerråd i 1961 for å driva med forsking og undervisning innan sjørett. *NMR har heile tida etter dette bidrege med vesentlege middel til å finansiera verksemda til instituttet. I 1975 vart instituttet delt i ei avdeling for sjørett og ei avdeling for petroleumsrett for å ivareta forskingsbehova i tilknyting til utvinninga av petroleum på norsk sokkel. Utvikling av forskinga innanfor petroleumsrett har vore mogleg ved hjelp av årlege bidrag frå Landsamskipnaden til Oljeindustrien.


Frå slutten av 90-talet vart fagområdet ved avdeling for petroleumsrett utvida til å omfatta energirett. Denne utvidinga vart støtta med middel frå Olje- og energidepartementet via Noregs forskingsråd. 

Forskingsgruppa for Naturressursrett har sete på instituttet.

Instituttet tilbyr masterprogram, valgemner og etterutdanning.

Sjørett

Området inkluderer folkerettslege og EU-rettslege reglar, offentleg rett og privatrett, herunder kontraktstypar og erstatningsrettslege reglar. Sentralt står arbeid med Den norske sjøloven og Sjøsikkerhetsprosjektet, som nå er avslutta.

Oslo havrettsforum

Ved Instituttet har interessa for dei offentlegrettslege aspektene ved sjørett økt det siste tiåret. Sidan 2013 har Instituttet formalisert dette internasjonale samarbeidet i Oslo havrettsforum.

Sjøforsikring

Forskingsområdet omhandlar forsikringer for skip og varer under transport. Instituttet deltek aktivt i arbeidet med forsikringsavtalene Norsk Sjøforsikringsplan og Vilkår for transportforsikring av varer i tillegg til eigne forskingsprosjekt.

Petroleumsrett

Petroleumsrett omhandlar alle rettsspørsmål knytt til norsk rett og rører mange rettsområde: blant anna folkerett, EØS-rett, forvaltningsrett, skatterett og formuerett.

Petroleumskontraktsrett

Forskingsområdet omfattar kontraktar som vert inngåtte i samband med petroleumsvirksomhet , inkludert sal av olje og gass. Forskarane har brei kontakt med petroleumsnæringa og sit som dommarar i voldgiftssaker som gjeld petroleumsverksemd

Formue- og kapitalmarkedsrett

Forskargruppa dekkjer rettsområde innan formueretten; kontraktsrett, selskapsrett, erstatningsrett, tingsrett, pant og konkurs, samt kapitalmarkedsrett.

Felles for desse fagområda er at dei har stor praktisk tydning, samt at samfunnsutviklinga skapar nye forskningsbehov.

Mange viktige rettsspørsmål rører mange av fagområda, og forskargruppa vil leggje til rette for koordinering av forskingsinnsats. Eit viktig formål med opprettinga av gruppa er difor å skape ein møteplass for vitskapelege tilsette med felles interesser og for akademikarer og praktikarar.

Forskargruppa vart oppretta 1.1.2017.

Energirett

Forskarane undersøkjer lovgjevinga både nasjonalt og internasjonale knytt til alle former for energi utanom petroleum: særleg vasskraft og organisering av kraftmarknaden. EU-regler påverkar òg norsk lovgivning og forskarane har eit utstrakt internasjonalt samarbeid.

Forsikringsrett

Forskinga har hatt fokus på den privatrettslege reguleringa av forsikringsbransjen, men i aukande grad òg på regulering i regi av det offentlege og EU. Forskinga omfattar òg personforsikring, som har nær samanheng med trygdesystemet.

EU/EØS-rett

Senter for europarett ivaretek EU- og EØS-rettslege spørsmåla som oppstår på tvers av tradisjonelle faginndelingar. Hovudområde: Institusjonar, prosedyrar, prinsipp og rettskjeldespørsmål i EU- og EØS-retten, og EU/EØS-retten sin gjennomføring og gjennomslagskraft i nasjonal rett. Dei grunnleggjande reglene om EU- EØS-dei fire fridomane ”til retten".

Naturressursrett

Forskingsområdet omfattar rettsregler for forvaltninga av naturressursar og baserer seg difor på ulike rettsområde, som miljørett, energirett og fast eigedomsrett. Forskarane, som arbeider ved fleire institutt ved Det juridisk fakultet, har teke for seg aktuelle problemstillingar, som korleis EU-regler påvirker norsk forvaltning av naturressursar, klimatilpassing, Kyotoprotokollen og kvotehandelen med CO2.
 

Publisert 26. jan. 2010 09:58 - Sist endret 27. okt. 2017 13:05