Fangst av karbondioksid, -transport og -lagring (CCS)

I det nye Norwegian CCS Research Centre (NCCS) skal Nordisk institutt for sjørett leia forskinga på kva for juridiske verkemiddel som kan tilretteleggja for at industrien tek CSS-teknologien i bruk.  CO2-fangst, -transport og -lagring (CCS) er ein teknologi som kan gje sterk reduksjon i utslepp frå fossilt brensel.

Om prosjektet

Reint økonomisk er CCS dyrare enn industri utan CCS. Rensekostnadene for CO2 er høgare enn til dømes prisane i EUs kvotesystem. Då løner det seg å kjøpa kvoter og sleppa ut CO2 i staden for å reinsa og lagra. Dette er ein barriere for CCS. Då går òg CO2 tapt som ressurs for framtidig nytte.

Både økonomiske insentiver og regulatoriske verkemiddel kan bidra til å tilretteleggja for betre vilkår for bruk av CCS. Til dømes i petroleumsindustrien kan vilkår for konsesjon gje tilgjenge til store verdiar, der CCS-kostnaden vert liten i samanlikning. Både Sleipner og Snøhvit vart realisert utan offentleg støtte.

Høvet for CCS er allereie godt greidd ut nasjonalt og internasjonalt, og mykje forsking har vorte gjort. Likevel er CCS framleis ikkje ein realitet og det er mange ulike grunner til det. Blant dei er juridisk usikkerheit knytt til: lagring og spesielt ansvarsregimet, grensekryssende transport og tilhøvet til EU CCS-direktiv.

Mål

Prosjektet har som mål å publisera vitskaplege artiklar frå forskarar og vitskapleg assistentar som er tilsett i prosjektet.

Prosjektet vil belysa og handsama dei avgjerande juridiske spørsmåla for å tilretteleggja for CCS både på nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå. Alle omsyn knytt til CCS skal ein ta vare på: som miljøomsyn, økonomisk omsyn og tryggleiksomsyn. Prosjektet tek utgangspunkt i behovet til industrien og skal omfatta heile verdikjeden. NifS skal i hovudsak satsa på dei juridiske sidene ved lagring, men andre delar av verdikjeden skal greiast ut parallel.

Et tverrfagleg senter

Senteret er eit av åtte nye forskingssenter for miljøvenleg energi (FME). FME-sentera vert dominert av teknologitunge forskingsmiljø, men einingane jus og innovasjon skapar ein tverrfagleg dimensjon. Juristane vil såleis utvida perspektivet på CO2-handtering.

Nordisk institutt for sjørett vil leia den juridiske forskinga om CCS i FME-senteret, i tett samarbeid med senterleiinga i SINTEF, Institutt for geofag ved UiO og industrielle partnarar. I arbeidet med CCS byggar juristane på kompetansen sin innanfor petroleumsrett, energirett, forvaltningsrett, EU-rett og folkerett.

Finansiering

Prosjektet finansierast gjennom Noregs forskningsråd i perioden 2016 - 21, evt. med 3  nye år.

Resultat

NifS skal bidra med forsking på doktorgrads- og  post.doc-nivå. Det vert òg høve for studentar til å skriva masteroppgåver.

 

 

 

Emneord: FME, miljøvennlig energi; UiO:Energi, CO2-fangst, jus
Publisert 10. mai 2017 15:42 - Sist endret 26. okt. 2017 11:43