Petrosam-prosjektet (avsluttet)

Prosjektet tek sikte på å klårleggja kva for ei tyding innkjøp og regulering av kontraktar har i samband med dei utfordringane ein har på norsk sokkel med auka kostnader og høve der kostnader vert overskride.

Illustrasjon: Colourbox.dk

Om prosjektet

Den stadig aukande kompleksiteten i petroleumsverksemda på norsk sokkel krev meir avansert og dermed dyrare utstyr. Dette kan vera ei årsak til dei utfordringane ein har knytt til høve der kostnader vert overskride.  Dette skulle likevel tyde på ein tilsvarande auke i driftsmarginane til leverandørane, noko som ikkje er tilfellet. Kostnadene knytt til innkjøpet til oljeselskapa av generiske produkt er dessutan høgare enn for tilsvarande produkt i andre bransjar.
                                                                                                                                                                                                                                                                                               Ei mogleg forklaring på dette er oljeselskapa si nytte av detaljerte spesifikasjons- og dokumentasjonskrav som påverkar både oljeselskapa sine og driftsmarginen til leverandørane negativt.

Mål

Hovudføremålet til prosjektet er å sjå på i kva for ein grad den stadig aukande mengda med spesifikasjons- og dokumentasjonskrav i industrien har innverknad på kostnadsnivået på norsk sokkel. Eit tilhøyrande spørsmål er om den «byråkratiske» tilnærminga til innkjøp er regelstyrt eller skapt av industriaktørane sjølv. Eit tredje spørsmål er om og i kva for ein grad spesifikasjon- og dokumentasjonsbyrden påverkar den innovative åtferda til aktørane.

Bakgrunn

Prosjektet går frå august 2015 til august 2016 . Resultata frå studiet skal publiserast i ein rapport forfatta i samarbeid mellom prosjektdeltakarane. I tillegg vert det halden diverse presentasjonar på konferansar. Nordisk institutt for sjørett vil òg publisera ein artikkel om temaet.

Finansiering

Prosjektet vert finansiert av NODE-klynga, Menon Business *Economics og Noregs forskingsråd.

Samarbeid

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Nordisk institutt for sjørett, Menon Business Economics, Christian Michelsen Research (CMR) og Høgskulen i Buskerud og Vestfold.

Verktøy

  • Petroleumsrelaterte lovar, forskrifter og rettleiingar
  • Intervjurundar og samtalar med industriaktørane (oljeselskap og leverandørar)
     
Emneord: Petroleumssikkerhet, Petroleumskontrakter, Kontrakter og avtaler, kontraktar, avtalar, Rettsøkonomi
Publisert 26. okt. 2015 13:43 - Sist endret 5. jan. 2022 16:36

Kontakt

Professor Ivar Alvik

Forsker Marianne Løvås Sagerup

 

Aktuelt:

Spesifikasjons- og dokumentasjonskrav som kostnadsdriver i norsk petroleumsindustri (DN, 25.01.2017)