Jussen kan bidra til auka karbonfangst

I det nye Norwegian CCS Research Centre (NCCS) skal Nordisk institutt for sjørett leia forskinga på kva for juridiske verkemiddel som kan tilretteleggja for at industrien tek CSS-teknologien i bruk.  CO2-fangst, -transport og -lagring (CCS) er ein teknologi som kan gje sterk reduksjon i utslepp frå fossilt brensel.

CO2-grafikk

Prosjektet handlar om kva som er avgjerande juridiske spørsmål for å tilretteleggja for CCS, både på nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå. Illustrasjon: Colourbox.com

Reint økonomisk er CCS dyrare enn industri utan CCS. Rensekostnadene for CO2 er høgare enn til dømes prisane i EUs kvotesystem. Då løner det seg å kjøpa kvoter og sleppa ut CO2 i staden for å reinsa og lagra. Dette er ein barriere for CCS. Då går òg CO2 tapt som ressurs for framtidig nytte.

Offentlege insentivar

Både økonomiske insentiver og regulatoriske verkemiddel kan bidra til å tilretteleggja for betre vilkår for bruk av CCS. Til dømes i petroleumsindustrien kan vilkår for konsesjon gje tilgjenge til store verdiar, der CCS-kostnaden vert liten i samanlikning. Både Sleipner og Snøhvit vart realisert utan offentleg støtte.

-Høvet for CCS er allereie godt greidd ut nasjonalt og internasjonalt, og mykje forsking har vorte gjort. Likevel er CCS framleis ikkje ein realitet og det er mange ulike grunner til det. Blant dei er juridisk usikkerheit knytt til: lagring og spesielt ansvarsregimet, grensekryssende transport og tilhøvet til EU CCS-direktiv, seier førsteamanuensis Catherine Banet. Ho arbeidar hos Avdeling for petroleum- og energirett ved Nordisk institutt for sjørett (NifS).

Et tverrfagleg senter

Det var Forskingsrådet som lanserte senteret på ein konferanse 26. mai, som eit av åtte nye forskingssenter for miljøvenleg energi (FME).

- Det er ingen tvil om at juristane vil utvida perspektivet på CO2-handtering. FME-sentera vert dominert av teknologitunge forskingsmiljø, og det er grunn til å tru at den tverrfaglege dimensjonen med innovasjon og jus bidrog til at nettopp desse sentera vann fram, meiner UiO:Energi-direktøren Anders Elverhøi.

-NIFs vil leia den juridiske forskinga om CCS i FME-senteret, i tett samarbeid med senterleiinga i SINTEF, Institutt for geofag ved UiO og industrielle partnarar. I arbeidet med CCS byggar NifS på kompetansen sin innanfor petroleumsrett, energirett, forvaltningsrett, EU-rett og folkerett, fortel Banet, som vert koordinator for denne delen av forskinga.

Banet har sjølv forska på CCS og er ved fleire høve brukt som rådgjevar og ekspert på CCS-regulering.

-Instituttet har utvikla ekspertkompetanse på CCS og deltek i europeisk og internasjonalt nettverk på området. Blant anna via Forskargruppe i naturressursrett har vi utgjeve mange publikasjonar - masteroppgåver, artiklar og særskilde kapitlar i bøker - heldt foredrag, bidrege med ekspertarbeid og rettleiing, fortel ho.

-NIFs vil belysa og handsama dei avgjerande juridiske spørsmåla for å tilretteleggja for CCS både på nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå.

-Alle omsyn knytt til CCS skal ein ta vare på: som miljøomsyn, økonomisk omsyn og tryggleiksomsyn. Prosjektet tek utgangspunkt i behovet til industrien og skal omfatta heile verdikjeden. NifS skal i hovudsak satsa på dei juridiske sidene ved lagring, men andre delar av verdikjeden skal greiast ut parallelt, framhevar Banet.

Dette vert ei langvarig satsing: 5 år frå 1. januar 2017 . Viss evalueringa er positiv etter tre år kan perioden forlengast med 3 nye år, det vil seia heilt fram til 2024 .

Motiverande for nye forskarar

NifS skal bidra med forsking på doktorgrads- og  post.doc-nivå. Det vert òg høve for studentar til å skriva masteroppgåver. For dei som vil forska på CSS, byr dette på nye høve.  Banet ser fram til å motta søknader frå motiverte kandidatar.

-Det er ekstremt motiverande å samarbeida med eit sterkt fagleg miljø og sterke partnarar, avsluttar ho.

Emneord: NCCS, Miljøvennlig energi, UiO:Energi, FME Av Catherine Banet, Kirsti Aarseth, Camilla Arnøy
Publisert 28. juni 2016 10:41 - Sist endret 10. mai 2017 15:41