Historia til instituttet

Universitetet i Oslo vedtok i 1955 å opprette eit “Institutt for sjørett” med professor Sjur Brækhus som styrar. Bakgrunnen var mellom anna å blåse nytt liv i sjørettsforskinga.

Den første styraren for instituttet: Professor Sjur Brækhus. Foto: Privat.

Instituttet skulle vere ope for såvel forskarar som praktiserande sjørettsjuristar. Det vart skipa etter vedtak i Det Akademiske Kollegium.

Nordisk satsing

På om lag same tid tok den svenske Riksdagen opp eit forslag om meir målretta forsking innan sjørett, ved å opprette eit professorat i sjørett med nordisk karakter. Ideen vart fanga opp av Nordisk Råd.
Etter grundig handsaming vedtok dei nordiske undervisningsministrane i mars 1961 å opprette eit nordisk institutt for sjørett. Instituttet vart lagt til Universitet i Oslo, der det allereie var eit Institutt for sjørett som det var naturlig å byggje vidare på.

Økonomisk støtte

Våren 1962 fekk instituttet større og betre lokale. Dei vart satt i stand med sjenerøse tilskot frå mellom anna Anders Jahres fond, Nordisk Skibsrederforening, Sjøassurandørernes Centralforening, Gjensidige Skibsassuranceforeningers komité og Assuranceforeningene Skuld og Gard.

Petroleumsrett

Instituttet har forska på petroleumsrett frå 1975. Frå 1978 har instituttet undervist i petroleumsrett spesialfag som ein del av den juridiske embetseksamenen. Avdeling for petroleumsrett starta opp 1. januar 1981 og ble offisielt oppretta 9. september same år.

Hausten 1985 starta Instituttet undervisning i kontraktar i petroleumsvirksomheten som valfag til 3. avdeling.

Våren 1986 vart kontraktar i petroleumsvirksomheten oppretta som studieemne, med hovudtyngda på den privatrettslege delen av faget. Dette vart gjort særleg med tanke på dei nordiske studentane. Pensum i petroleumsrett spesialfag vart samstundes omarbeidd til å omfatte i hovudsak offentleg rett.

Senter for europarett

Senter for europarett vart oppretta i 1990, finansiert av Det juridiske fakultetet. Senteret har felles administrasjon med Nordisk institutt for sjørett og ble fra 2012 lagt under Instituttet. Fleire av forskarane ved NIFS arbeider óg med problem knytta til EU-rett.
 

Publisert 11. des. 2014 11:42 - Sist endret 11. des. 2014 11:56