Tilsettes sidegjeremål

Alle sidegjeremåla til dei tilsette ved fakultetet skal registrerast. Formålet med offentliggjeringa er å gi full openheit om kva for sidegjeremål og eigarinteresser den einskilde tilsette har. På den måten ynskjer fakultetet å sikre tilliten til at fakultetet sin forsking er uavhengig.

Til oversyn over sidegjeremåla

Offentleggjering av sidegjøremåla til dei tilsette ved Det juridiske fakultet er eit prøveprosjekt, på bakgrunn av erfaringane vil UiO vurdere å opne for offentleggjering av sidegjeremål for alle tilsette ved UiO.

Du kan ikkje søke online i registeret, men det publiserast eit uttrekk frå registeret. 

Detaljert regelverk om kva dei tilsette har plikt til å registrere, finn du i  "Universitetets reglement om sidegjøremål." Sjå og "Supplerende regler for godkjenning av sidegjøremål ved Det juridiske fakultet" vedteke av Fakultetsstyret 08.06.11.

Kva er synleg i oversynet?

  • om tilsette har andre arbeids- eller oppdragsgjevarar
  • varigheit og omfang av arbeids- og oppdragsforhold
  • berre sidegjeremål som er godkjend av den tilsette sin nærmaste leiar
  • tilsette sine eigarinteresser

Kva er ikkje synleg i oversynet?

  • Avslutta arbeids- eller oppdragsforhold
  • Sidegjeremål som ikkje var godkjend da oversikten vart publisert
  • Sidegjeremål som skal haldast unna offentlegheit

Du kan be om innsyn i til dømes avslutta sidegjeremål. Oppmoding om innsyn sendast postmottak@jus.uio.no.

Publisert 30. nov. 2010 11:19 - Sist endra 28. sep. 2017 11:10