Lucy Smith er død

Professor i rettsvitskap Lucy Smith, døydde tirsdag 27. august 78 år gamal.

Lucy Smith føreles i samband med markeringa av UiO200 i 2011

Lucy Smith var rekna som ei føregangskvinne innan akademia – ho var Noregs første kvinnelege jusprofessor, og Noregs første kvinnelege universitetsrektor.

Som forskar var ho engasjert i fleire fagområder innan privatrett, mellom anna arve og familierett og barnerett. Ho hadde og styreverv i fleire private-, offentlege og humanitære organisasjonar, mellom anna FN sin barnekomite. Lucy Smith har motteke fleire norske og nordiske heiderstekn.

 

Av Steinar Hafto Myre
Publisert 27. aug. 2013 15:39 - Sist endra 27. aug. 2013 15:41