Grunnlovsformidlarane og oppdrag Grunnlov

– Me seier ja til alle sprøe idear. Difor sa me ja til Eidsvoll 2014 då dei spurde oss om me kunne leia forskingsmaratonen om Grunnlova på NRK. Det fortel Ola Mestad som saman med  Dag Michalsen har fått UiOs formidlingspris.

Jussprofessorane Dag Michalsen og Ola Mestad har leidd forskinga på Grunnlova. Funna har dei formidla breitt både til lek og lærd, og det har dei fått UiOs formidlingspris for.

Heile den store forskingsinnsatsen blei markert med ei 24-timar lang fjernsynssending om Grunnlova frå Eidsvollsbygningen tidlegare i år.

Les meir på Uniforums nettsider.

Publisert 26. sep. 2014 14:00