Med forskingsmiljø i øvste klasse

I intervju med Uniforum seier avtroppande dekan Hans Petter Graver seg nøgd med Det juridiske fakultetet, slik det står fram når han no sluttar.

I intervjuet peiker han mellom anna på at forskingsmiljøa til fakultetet er i øvste klasse både internasjonalt og nasjonalt, med eit senter for framifrå forsking og fleire tildelingar frå Det europeiske forskingsrådet.

Målet er nådd

Han seier seg og nøgd med at målet om digitale eksamenar for alle studentar ved fakultetet er blitt gjennomført heilt etter planen, og trekk og fram at fakultetet vil ha løyst plassproblema når utbygginga av Tullinløkka er ferdig rundt 2019.

Les heile intervjuet på Uniforum.no

Publisert 22. des. 2015 08:00 - Sist endra 6. juni 2016 13:00