H.M. Kongens gullmedalje til Eirik Bjørge

Ph.d.-kandidat Eirik Bjørge er tildelt H.M. Kongens gullmedalje for avhandlinga si om dynamisk tolking av traktatar.

Gullmedaljør: Eirik Bjørge

Copyright: Laura Dix

H.M. Kongens gullmedalje tildelast av Universitetsstyret til ein framragande yngre forskar for eit vitskapeleg arbeid vurdert ved Universitetet i Oslo. Arbeidet må være anerkjend som eit verksamt bidrag til fagfeltets forskingslitteratur.

Eirik Bjørge avla doktorgradsavhandlinga si i 2013, den var utgjeven på Oxford University Press året etter med tittelen The Evolutionary Interpretation of Treaties.

I prisnominasjonen frå Det juridiske fakultet peikar ein mellom anna på at avhandlinga har fått internasjonal merksemd blant fagfeller, og at den reknast som eit viktig bidrag til folkerettsleg forsking.

Gullmedaljen vert gjeven ut på universitetet sin årsfest 2. september.

Av Steinar Hafto Myre
Publisert 29. juni 2015 10:55 - Sist endra 30. juni 2015 08:32