Målpris for offisiell utgåve av Grunnlova på nynorsk

Utvalet som la fram forslag til nye grunnlovstekstar i 2014 er tildelt målprisen frå Juristmållaget for sitt arbeid med å laga ei offisiell utgåve av Grunnlova på nynorsk.

Utvalet vart leia av Hans Petter Graver som er dekan ved Det juridiske fakultet.

Juristmållaget Målpris til Graver-nemnda. Frå venstre: Kyrre Grimstad, Hans Petter Graver, Bård Eskeland og Dag Bjørke Bremer, leiar i Juristmållaget. Foto: Noregs Mållag

– Eg skjønar at det for Juristmållaget var ei storhending at Grunnlova kom på nynorsk. For oss som arbeidde med framlegga, var det ein pris i seg sjølv å bli spurt. Det er ingen av oss som angrar på dei lange arbeidsdagane og -nettene. Arbeidet var fagleg svært interessant, og det var inspirerande å arbeide så tett og intenst. Det gav oss mykje, og no endå meir, sa Hans Petter Graver da han takka for prisen.

Utvalet blei oppnemnd i mai 2012, og leverte sitt framlegg alt 17. september 2012. Utvalet sitt framlegg til nynorsk utgåve av Grunnlova vart vedteke 6. mai 2014.

 

Kjelde: Noregs mållags nettsider

Publisert 4. juni 2015 13:29