Ber om satsing på rettsvitskap

I innspel til revidert nasjonalbudsjett ber UiO mellom anna om satsing på rettsvitskapeleg forsking.

I brevet til statsråd Iselin Nybø nytter UiO-leiinga høve til å løfte fram behovet for å styrke rettsvitskapleg forsking. Bakgrunnen er eit initiativ frå dei tre juridiske fakulteta i Bergen, Oslo og Tromsø om eit tematisk forskingsprogram kald «Rettens transformasjoner» (Rettstrans).

Nøgd med brevet

- Eg er svært nøgd med at rettsvitskapelig forsking blir løfta fram av UiO-leiinga i samband med budsjettinnspelet, seier dekan Dag Michalsen. Han legg til at juridisk forsking er prega av til at lav lærartetthet på dei tre fakulteta gir mindre forskingskapasitet, og at Justisdepartement har ein lav FoU-andel samanlikna med alle andre departement samstundes som forskingsutlysningar frå Forskingsrådet har ein innretning som har ført til dokumentert lavt tilslag for rettsvitskapelig forsking.

I brevet ber UiO konkret om at det i Revidert nasjonalbudsjett 2018 kjem signal igangsetting av eit tematisk forskingsprogram knytt til rettsvitskap i statsbudsjettet for 2019.

 

Publisert 13. apr. 2018 11:25 - Sist endret 13. apr. 2018 11:27