Faglege prioriteringar
Det juridiske fakultet har eit aktivt og medvite forhold til kvaliteten på undervisinga og forskinga si. Som ein del av arbeidet med faglege prioriteringar ved UiO har fakultetet formulert langsiktige prioriteringar for utdanninga og forskinga. I tillegg har fakultetet identifisert sterke fagmiljø og område med utviklingspotensial.
Fakultetsarbeidet med faglege prioriteringar er del av Universitetet i Oslo sitt fokus på kvalitet og relevans gjennom faglege prioriteringar for forsking og utdanning. Dei faglege prioriteringane skal vere eit kart å navigere etter, i arbeidet med å styrkje UiO si stilling som forskingsuniversitet av høg internasjonal standard. Heftet "Kvalitet og relevans" oppsummerer universitetet og hovudeiningane sitt arbeid med faglege prioriteringar.
Tematiske satsingsområde ved fakultetet
- Globaliseringa av retten
- Individa si rettsstilling
- Rett, stat og marknad
- Rett og miljø
Gjennomgåande perspektiv
- Rettsstatstanken
- Retten og tida
- Rettstenkinga
- Rett, samfunn og moral
Notat
- Gjennomføringsplanar, Det juridiske fakultet. Notat til universitetsdirektøren 30.03.09
- Prosess fagleg prioritering, Det juridiske fakultet, fase 3. Notat til rektor 15.09.08
- Prosess fageg prioritering. Det juridiske fakultet, fase 2. Notat til rektor 17.04.08
- Prosess fageg prioritering. Det juridiske fakultet, fase 1. Notat til rektor 30.08.07