Studieordning av 2011

Frå og med hausten 2011 vart det innført ny studieordning på jusstudiet. Studieordninga av 2004 vert difor avvikla.

Dei viktigaste endringane

  • Fagsamansetjinga er endra. Det gjeld særleg 1. studieår kor det no er innført eksamen i internasjonale menneskerettar.
  • Det er innført obligatorisk undervisning
  • Emna er blitt mindre. Frå å vere store avdelingsemner på 50 og 60 studiepoeng er no emna på mellom 10 og 30 studiepoeng.
  • Eksamen avleggast dermed kvart semester fordi ingen emne går over fleire semestre.
  • Privatistar vil ikkje kunne ta studiet som ei følgje av innføringa av obligatorisk undervisning. I ei overgongsperiode vil privatistar kunne avleggje eigne privatisteksamenar. Les meir her.
  • Det er innført meir valfriheit. På tredje studieår skal alle ta eit valemne på bachelornivå. På fjerde studieår skal alle ta eit valemne på masternivå, i tillegg til tre valemne på femte studieår.
  • Det er innført krav om at alle må ha minst eit engelsk valemne i studiet. Det kan erstattast av utanlandsopphald.
  • Valemna er no på 10 studiepoeng (tidlegare 15 studiepoeng).
  • Bacheloremna vert vurdert med bokstavskala (tidlegare bestått/ikkje bestått)

Slik er ny studieordning bygd opp

Studiedekanens vedtak om overgong til ny studieordning (pdf)

Korleis gå over til ny ordning

Når du skal over til ny ordning inneber det at utdanningsplanen din i Studentweb må oppdaterast. Du må få lagt inn dei emna som du skal ta framover.

Du kan sjølv endre utdanningsplanen din, om det som no står i utdanningsplanen ikkje stemmer overeins med ditt studieløp. Treng du hjelp kan du ta kontakt med Infosenteret.

Er du student med tilpassa studieprogresjon, og er i tvil om kva du skal gjere, kan du ta kontakt med ein studierettleiar.

Siste gong eksamen i gamal ordning kan tas

Avdelingseksamenane i gamal ordning vert gjeve siste gong hausten 2012. Vi tilbyr ikkje undervisning i gamal ordning frå hausten 2012. Mykje av undervisninga i ny ordning kan likevel vere relevant for studentar som tek eksamen i gamal ordning.

Vegen framover

Studieordninga er no innført. Programrådet for masterstudiet i rettsvitenskap (PMR) behandlar støtt relevante saker knytta til ny studieordning. Nettsidene blir fortløpande oppdatert med nye vedtak. Alle store endringar vil bli varsla til studentane på ein god måte.

Publisert 24. mars 2010 21:37 - Sist endra 4. juli 2012 10:39