30 år med menneskerettane i fokus

Institutt for menneskerettar, forløparen til Norsk senter for menneskerettar, blei etablert  i januar 1987. Professor Torkel Opsahl var første styreleiar og Asbjørn Eide første direktør ved instituttet.

 

  • Institutt for menneskerettar, forløparen til Norsk senter for menneskerettar, blei etablert  i januar 1987 under leiing av direktør Asbjørn Eide.
  • I 1995 blei instituttet mellombels organisert som eit tverrfagleg senter under Kollegiet, Universitetet i Oslo. Prøveordninga vart i 2000 avløyst av at instituttet blei organisert som ei fast eining under Det juridiske fakultetet, UiO.
  • Senteret har gjennom heile si historie hatt ein sterk forskingsprofil. Ei rekkje forskarar frå ulike fagdisiplinar er knytte til senteret, anten som fast tilsette, som prosjekttilsette eller som stipendiatar.  Senteret har dessutan sidan 1999 hatt eit eige, internasjonalt orientert masterstudium i menneskerettar.
  • Bortsett frå at instituttet skifta namn til Norsk senter for menneskerettar (SMR) i 2003, har denne tilknytingsforma eksistert utan endringar sidan ho blei innført.
  • Senteret har sidan årtusenskiftet hatt ein rammeavtale med Utanriksdepartementet. Avtala er med på å finansiere senterets betydelege internasjonale verksemd.  Senteret har blant anna engasjert seg i Kina, Sør-Afrika,  Etiopia, Indonesia og Vietnam. Frå 2017 organiseres dette arbeidet gjennom senterets Internasjonale Avdeling. 
  • I 2001 fikk instituttet status som Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NI). Frå 2015 vart NI skild ut og blei ein frittståande institusjon direkte under Stortinget, med eigne nettsidar.

Tidlegare styreleiarar

  • 1987 - 1993: Torkel Opsahl
  • 1993 - 1998: Trond Bakkevig
  • 1999 - 2004: Lucy Smith
  • 2005 - 2007: Hans Petter Graver
  • 2008 - 2011: Liv Finstad
  • 2012 - 2015: Fredrik Zimmer

Frå 2016: Rådsleiar

  • 2016 -      : Jan Paul Brekke

Tidlegare direktørar

  • 1987 - 1998: Asbjørn Eide
  • 1998 - 2003: Nils A Butenschøn
  • 2004 - 2007: Geir Ulfstein
  • 2008 - 2008: Mads Andenæs
  • 2008 - 2008: (konstituert) Anne Julie Semb
  • 2009 - 2013: Nils A Butenschøn
  • 2014 - 2017: Inga Bostad

 

Publisert 22. okt. 2009 13:07 - Sist endret 8. jan. 2018 15:56