Norsk senter for menneskerettar - ei tidsline
1977
NOU-en Det internasjonale menneskerettsvern, skrive av Asbjørn Eide, med hjelp frå Jan Helgesen og Aslak Leesland, blir presentert. Dette set i gang Det norske menneskerettsprosjektet.
1981
Asbjørn Eide, og : NOU 1981:43 – Menneskerettar. Denne utgreiinga blir fundamentet for det som i dag heiter Norsk senter for menneskerettar.
1986
Det blei bestemt at instituttet skulle opprettast ved eit stortingsvedtak, som eit prosjekt under Noregs allmennvitskapelege forskingsråd (no Noregs forskingsråd).
1987
Institutt for menneskerettar blir etablert i januar med Asbjørn Eide som leiar og Torkel Opsahl som styreleiar.
1993
Torkel Opsahl døyr, ogTrond Bakkevig tar over som styreleiar. NORDEM (Norwegian Resource Bank for Democracy and Human Rights) blir etablert og får ein heim hos Institutt for menneskerettar.
1995
Instituttet blir organisert som eit midlertidig tverrfagleg senter under Kollegiet ved Universitetet i Oslo.
1997
Kinaprogrammet, som er knytt til Noregs menneskerettsdialog med Kina, blir etablert. Sekretariatet blir lagt til Institutt for menneskerettar.
1998
Nils Butenschøn overtar som direktør etter Asbjørn Eide. The Oslo Coalition on Freedom of Religion or Belief blir etablert, og sekretariatet blir lagt til Institutt for menneskerettar. Same år tar Sør-Afrika-programmet til, eit samarbeid mellom den norske ambassaden i Pretoria, NORAD og Institutt for menneskerettar. Instituttet innleier eit femårig samarbeidsprosjekt med Department of Political Science and international Relations, Universitetet i Addis Abeba, Etiopia.
1999
Kollegiet ved Universitetet gjennomfører ei utgreiing av instituttet for å finne ut av kva som er ei god organisasjonsform. Regjeringa Bondevik legg fram Handlingsplan for menneskerettar.Lucy Smith blir styreleiar etter Trond Bakkevig. Same år blir det eittårige internasjonale mastergradsprogrammet The Theory and Practice of International Human Rights etablert ved instituttet. Forskingsprosjektet om autonomi og minoritetsvern i Kina blir sett i gang.
2000
Instituttet finn ein heim på Det juridiske fakultetet ved Universitet i Oslo. Regjeringa Stoltenberg stiller seg bak Bondevik-regjeringas sin handlingsplan for menneskerettar, og dette fører til at instituttet frå 2001 skal får status som Nasjonal institusjon for menneskerettar.
2001
Instituttet blir, ved Kongelig resolusjon av 21. september 2001, gitt status som Noregs Nasjonale institusjon for menneskerettar. Universitetet i Oslo og Utanriksdepartementet inngår, som dei viktigaste eksterne finansieringskjeldene til senteret, ein avtale. Den gjer det mulig for IMR å inngå lengre tilsettingsavtalar i ei rekkje prosjektstillingar. Vidare gir UD-avtalen grunnlag for tre forskarstillingar knytt til programma.
2002
Menneskerettsdialogen mellom Noreg og Indonesia blir opna. Det blir bestemt at Institutt for menneskerettar skal ha eit eige indonesiaprogram som ledd i dialogen.
2003
Institutt for menneskerettar skifter namn til Norsk senter for menneskerettar (SMR). Indonesiaprogrammet blir etablert med sekretariat ved senteret. Nils Butenschøn sluttar som direktør ved senteret når året tar slutt.
2004
Geir Ulfstein tiltrer 1. januar som ny direktør ved SMR. Senterets masterstudium blir toårig. Første Årbok om menneskerettar i Noreg. Forskingsstrategi blir utarbeidd og vedteken. Lucy Smith sluttar som styreleiar når året er slutt. Association of Human Rights Institutes (AHRI) blir etablert, med SMR som sekretariat.
2005
Hans Petter Graver blir ny styreleiar ved senteret. Avtalen med Utanriksdepartementet frå 2001 blir justert og fornya for fem nye år. Senteret etablerer og medverkar for første gang til utdelinga av eit årleg stipend for menneskerettsjournalistikk.
2006
Norsk senter for menneskerettar oppnår A-status som Nasjonal institusjon for menneskerettar i det internasjonale nettverket av menneskerettsinstitusjonar som sorterer under FNs høgkommissariat. Den internasjonale straffedomstolens Legal Tools-program blir etablert ved SMR.
2007
Senteret markerer 20-årsjubileum med stor markering knytt til den årlege minneforelesninga for Torkel Opsahl. Seinare følgjer eit større internt jubileumsseminar på Folkemuseet og eit internasjonalt symposium og Human Rights Architecture in Europe. Geir Ulfstein sluttar som direktør ved senteret ved årets slutt. Hans Petter Graver tiltrer som dekan ved Det juridiske fakultetet, og sluttar samtidig som styreleiar.
2008
Mads Andenæs tiltrer 1. januar som ny direktør ved senteret. Liv Finstad tiltrer samtidig som ny styreleiar ved senteret. Det blir bestemt at Senter for menneskerettar skal ha eit eige vietnamprogram som ledd i den pågåande menneskerettsdialogen med Vietnam.
Hausten 2008 trekkjer Mads Andenæs seg frå direktørstillinga. Nils Butenschøn blir utnemnd til ny direktør for resten av Andenæs' fireårige åremålsperiode.
2009
Senteret er etablert i nye lokaler, Cort Adelers gate 30, i Vika, Oslo. Senteret etterlysar ein handlingsplan for menneskerettar i Noreg og førsteamanuensis Jan Helgesen blir utnemnd til medlem av eit utval som skal greie ut om ein begrensa revisjon av Grunnlova for å styrke stillinga til menneskerettane.
2010
Asbjørn Eide blir utnemnd til riddar av første klasse, St. Olavs Orden. SMR havna på 2. plass nasjonalt når det gjeld godkjende publiseringspoeng per forsker i eningar med fleire enn fire tilsette. Dette viste tallene frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) i juni.
2011
Arbeidet med å skilja Nasjonal institusjon for menneskerettar frå resten av SMR tek til. SMR inngjekk nye avtalar med Utanriksdepartementet som er med på å sikre drifta av dei internasjonale programmene og NORDEM i tre nye år. SMR etablerte samarbeid med TV-kanalen Aljazeera i Quatar og kunne notera eit rekordarta oppmøte på lanseringa av Årboka om menneskerettar i Noreg for 2010 - over 200 personar. Liv Finstad sluttar som styrelear ved SMR, etter at valperioden er utløpt.