Organisasjon
Norsk senter for menneskerettar (SMR) er eit tverrfagleg senter ved Universitetet i Oslo. Senteret er Nasjonal institusjon for menneskerettar i Noreg, eit senter for internasjonalt orientert prosjektarbeid og for undervisning i menneskerettane.
Norsk senter for menneskerettar er leia av eit styre.Direktøren er øvste daglege leiar. SMR er organisatorisk underlagt Det juridiske fakultet.
Norsk senter for menneskerettar (SMR) har som formål å bidra til at dei internasjonalt vedtekne menneskerettane blir realiserte. Dette skal skje gjennom
- forsking og utgreiingar
- undervisning
- rådgiving
- informasjon
- dokumentasjon
Forsking
SMR er tverrfagleg. Det inneber at senteret har forskarar frå ei rekkje fagområde. Dette kjem av at vi erkjenner at menneskerettane ikkje berre er filosofi, eller jus, eller politikk, og at det nettopp er i samspelet mellom dei ulike disiplinane vi kan søkje og finne spennande konstellasjonar og resultat.
I samband med 25-årsjubileet i 2012 har senteret utarbeidd ei bibliografi over bøker og skrifter dei første 25 åra.
Undervisning
SMR sitt viktigaste undervisningstilbod er knytt til Masterprogrammet Master of Philosophy in the Theory and Practice of Human Rights. Dette er eit toårig program som tar inn nye studentar anna kvart år. SMR tilbyr i tillegg ei rekkje etterutdanningskurs for ulike profesjonsgrupper, i tillegg til at senteret tilbyr undervisning i eit internasjonalt perspektiv på dei internasjonale programma.
Senterets vitskapelege stab er tverrfagleg, og foreleser med jamne mellomrom ved ulike fakultet ved UiO.
I tillegg er senteret med på å forvalte ulike stipend, blant anna i samarbeid med Institusjonen Fritt Ord og presseorganisasjonane.
Bibliotek
Biblioteket ved SMR presenterer den største og mest oppdaterte samlinga av litteratur om menneskerettar som er tilgjengeleg i Noreg. Samlinga er open både for forskarar og eit større publikum.
Internasjonale program
Tre av senterets internasjonale program er knytte opp mot dei generelle menneskerettsdialogane Noreg har med Kina, Indonesia og Vietnam. I tillegg er eit av programma fokusert på dei sosiale og økonomiske menneskerettane. Senteret forvaltar NORDEM – Norwegian Resource Bank for Democracy and Human Rights – i samarbeid med Flyktningehjelpen.
Senteret er også sekretariat for The Oslo Coalition on Freedom of Religion or Belief og for Kina-autonomiprogrammet.
Nasjonal institusjon
SMR har status som den nasjonale institusjon for menneskerettar i Noreg. Som nasjonal institusjon arbeider for SMR for å fremje gjennomføringa av dei internasjonalt vedtekne menneskerettane i Noreg, er ein del av FNs nettverk av nasjonale institusjonar for menneskerettar, og sorterer under FNs Høgkommissær for menneskerettar i Geneve.
Nasjonal institusjon arbeider med forsking og utredning, overvaking, rådgiving, utdanning og informasjon rundt menneskerettssituasjonen i Noreg. Overvakinga skjer særleg gjennom høyringsfråsegner og kommentarar til Noregs rapportering til internasjonale organ.
Som Nasjonal institusjon har SMR sidan 2004 utgitt ei årbok om menneskerettar i Noreg.