Internasjonale program
Norsk senter for menneskerettar (SMR) har ei rekkje internasjonale partnerar i arbeidet for å fremje dei internasjonalt anerkjende menneskerettane.
Delegasjonsmøte
Desse samarbeidsprosjekta er i hovudsak organiserte gjennom ulike internasjonale program. SMR sine internasjonale program er konsentrert om menneskerettsproblem og -behov. Programma er organiserte etter om det er snakk om arbeid på statleg, regionalt eller globalt nivå, og også etter graden av påverking prosjekta har på politisk nivå.
Senteret framhevar forskingsbasert utveksling, dialog og samhandling. Dette omfattar aktørar som arbeider for å fremje menneskerettane i land med omfattande utfordringar på området, men også dei med eit generelt ønske om å betre menneskerettssituasjonen på lokalt nivå.
Kvart enkelt program inkluderer både forsking og administrativ kapasitet, samtidig som ein trekkjer på nasjonal og internasjonal ekspertise. Aktivitetane inkluderer bruksforsking, analysar, utdanning, arbeidsgrupper og konferansar. Det som kjem ut av disse aktivitetane kan vere grunnlaget for ny forsking og nye analysar.
Samarbeidande partnarar finnest først og fremst blant akademiske institusjonar og lærestader. Programma til senteret samarbeider også med aktuelle ekspertar frå andre anerkjende forskingsinstitusjonar, både innan- og utanlands.