Boklansering: Integrert kystsoneforvaltning

Fredag 1. oktober vert det seminar i samanheng med boklansering av "Integrert kystsoneforvaltning - Planfaglege, samfunnsvitskaplege og juridiske perspektiv."

Påmelding innan onsdag 29. september klokka 12

Sjø, himmel og land, i Herda Naturreservat

Bilete frå Herda Naturreservat. Foto: Ragnhild Lossius

Det vil være mogleg å delta på arrangementet fysisk på Litteraturhuset eller digitalt (lenkje for digital deltaking kjem).

Ynskjer du å delta på det fysiske arrangementet, må du melde deg på her: Påmeldingsskjema - innan onsdag 29.september klokka 12.

Program for seminaret:

 

10.00 Velkommen frå Knut Bjørn Stokke og Katrine Broch Hauge

  • Integrert kystsoneforvaltning. Faglege tilnærminger ved Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis Fakultet for landskap og samfunn, NMBU 
  • Integrert kystsonseforvaltning. Eit juridisk perspektiv illustrert med døme frå arealforvaltninga til sjøs ved Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis rettsvitskap, ved det Juridisk fakultet, UiO

10.30 Strandsoneforvaltning

  • Strandsoneforvaltning. Kva har prosjektet lært oss om utfordringane for strandsoneforvaltninga i dag? Arne Tesli, tidligere forsker By- og regionforskningsintituttet NIBR, OsloMet
  • Ein digital kommentar frå Svein Kornerud, Statsforvaltaren i Vestland

11.00 Integrasjon og samordning.

  • Integrasjon og samordning. Styring eller standardiserte løysingar? Ingunn Myklebust, professor Det juridiske fakultet, UiB

11.30 PAUSE

11.45 Integrert forvaltning – regionale planar

  • Regionale planar for kyst- og sjøområde. Eit reiskap for å sikre integrert forvaltning?  Ved Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis Fakultet for landskap og samfunn, NMBU
  • Vindkraft og regionale planer – Kva er lærdommen? ved Henrik Wiig, forsker By- og regionforskningsinstituttet NIBR, OsloMet
  • Korleis vurderer departementet nytten av regional planlegging for å sikra ei samordna arealforvaltning?
  • Kommentar frå Kristin Nordli, Kommunal- og moderniseringsdepartementet

12.30  Lunch – 30 minutt.

  • Servering av handhalden lunch og kaffi/te

13.00 Nasjonalparkar langs kysten

  • Korleis blir omsynet til friluftsliv og naturbasert reiseliv integrert i nasjonalparkforvaltninga ved Jan Vidar Haukeland, forsker TØI
  • Kommentar – eit blikk frå ein nasjonalparkforvaltar ved Monika Olsen,  nasjonalparkforvaltar Ytre Hvaler

13.30 Fiskeri og urfolksrettar i møte med oppdrettsnæringa

  • Introduksjon til temaet og utfordringane. Kort om korleis plan- og bygningslova sikrar desse interessene ved Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis rettsvitskap, ved Juridisk fakultet, UiO
  • Konflikter i kystsonen – eksempel frå Nord-Troms og Finnmark ved Synne Movik, førsteamanuensis Fakultet for landskap og samfunn, NMBU
  • Kommentar og synspunkt frå fiskerinæringa ved Jan Henrik Sandberg, seniorrådgivar Fiskarlaget

14.15 Pause med kaffiservering

14.30 – 15.00 Kva bør forvaltninga og aktørar i kystsona ta med seg vidare?

Det vil også bli opna opp for spørsmål frå salen, direkte etter dei fleste innlegga.

 


Informasjon om boka:

Bokomslag
Bokomslag "Integrert kystsoneforvaltning"

(Henta frå forlaget sine sider)
"Denne boka er eit resultat av eit fireårig tverrfagleg forskingsprosjekt, PlanCoast, finansiert av Norges Forskningsråd. Ein raud tråd i prosjektet har vore konseptet om ei integrert kystsoneforvaltning gjennom kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova og forvaltning etter sektorlovverket. Forventninga om å sjå sjø- og landområde i samanheng på tvers av kommune- og sektorgrenser er også sentral i boka.

Felles for alle artiklane i boka er at dei tek opp og diskuterer dagsaktuelle fenomen i den norske kystsona. Boka inneheld både planfaglege, samfunnsfaglege og juridiske fagartiklar. Enkelte artiklar er skrivne i samarbeid mellom forfattarar med ståstad i ulike fag for å sikre tverrfaglege tilnærmingar. Boka inneheld også artiklar frå fagpersonar i forvaltninga som dagleg handterer problemstillingar om bruk og vern av sjø.

Eit gjennomgåande trekk i boka er korleis planlegging etter plan- og bygningslova fungerer som integrerande reiskap i kystsona, i samspel med sektorlovverket, og kva forfattarane meiner er dei viktigaste utfordringane for å oppnå ei slik meir integrert forvaltning av kystsona i åra som kjem.

Boka er redigert av Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis ved Fakultet for landskap og samfunn, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og prosjektleiar i PLANCOAST Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo."

 

Bildet kan inneholde: gjøre, elektrisk blå, merke.

Logo NMBU

 

Emneord: kystsoneforvaltning
Publisert 15. sep. 2021 11:27 - Sist endra 25. sep. 2021 17:07