Naturressurslunsj: NOU 2018:11 Ny fjellov

Formålet med lovforslaget er å fremje berekraftig forvaltning av ressursane i statsallmenningane. Utvalet foreslår å erstatte dei to styra som administrerer bruken i dag, med eitt felles styre, det nye fjellstyret. Utvalet har delt seg i eit fleirtal og eit mindretal i mange spørsmål, mellom anna når det gjeld kva for oppgåver fjellstyret skal ha, og kva for reglar det skal vere for samansetning og oppnemning av fjellstyret. Fjellstyra skal etter forslaget ikkje kunne instruerast av statlege organ og vedtaka skal heller ikkje kunne klagast på. Som før skal likevel reguleringa av jakt- og fiske ha sterke innslag av offentlegrettsleg regulering Utvalet foreslår at rolla Statskog SF har som grunneigar i statsallmenningane skal reindyrkast. Utvalet har også kome med forslag til endringar i forvaltninga av økonomien i statsallmenningane.

Emneord: naturressursrett
Publisert 21. okt. 2018 22:28 - Sist endret 4. jan. 2019 13:21