Rettshistorisk lunsjseminar: Boklansering av Fordom og forventning

Boklansering av Jørn Øyrehagen Sunde (Red.):

Fordom og forventning - Ei handbok i rettshistorisk metode

Tema for boka er kontekstualisering, omgrepshistorie, historisk kompara-sjon og intertekstuell lesing som metodiske grep ved bruk av rettshistoriske kjelder. Desse tema er handsama på bakgrunn av refleksjonane til åtte retts-historikarar rundt eigen metodebruk. Tanken er dei som skal gje seg i kast med eit rettshistorisk materiale skal kunna dra vekslar på dei erfaringar som er delt i denne boka. Difor har vi har valt å definera boka som ei handbok i rettshistorisk metode. For den er ikkje komplett gjennom å ta opp alle mogeleg fasettar ved rettshistorisk metode, og den er retta meir på praktisk bruk enn teoretisk refleksjon.

Publisert 4. feb. 2019 10:40 - Sist endret 11. feb. 2019 13:54