Rettshistorisk lunsjseminar: Den mellomalderske lagmannen i fransk forsking – The lögmaðr in French research

Gilduin Davy innleder om den mellomalderske lagmannen i fransk forsking.

Professor Gilduin Davy (Naterre, Paris) vil på engelsk presentera si siste bok om den mellomalderske lagmannen i fransk forsking. Interessa for nordisk mellomalderrettshistorie var i Frankrike eit grep for å forstå den normanniske rettstradisjonen, som spelte ei viktig rolle i Frankrike i mellomalderen. Davy arbeider sjølv i denne tradisjonen, og har tidlegare skrive om norsk og islandsk mellomalderrettshistorie, men har no altså arbeidd med eit metaperspektiv på sjølve denne franske forskingstradisjonen.

 

Det serveres kaffe og te, ta gjerne med matpakke. Det er ikke påmelding til dette seminaret.

 


 

Publisert 6. feb. 2020 14:54 - Sist endret 6. feb. 2020 14:54