Lovkonferansen er gratis og det serveres lunsj til deltagere som deltar på mer enn en halv dag. Konferansen holdes i Universitetets aula, Gamle Festsal og Professorboligen, Auditorium 1 og Domus Bibliotheca.
Informasjon til deltakerne på Lovkonferansen 2023.
Program
- Dag 1 - Lovgivningspolitikk, lovspråk og lovregulering av teknologi
- Dag 2 - Lovprosess, juridisk utdanning og digital forvaltning
- Lovpolitisk kjepphest med Rettspolitisk forening
- Lovkonferansens designverksted dag I
- Lovkonferansens designverksted dag II
Aktuelt om konferansen
-
Teknologinøytralitet og digitaliseringsvennlig lovgivning 12. juni 2023 13:29
-
Rapportoverlevering til Motorferdsellovutvalget på Lovkonferansen 12. juni 2023 13:28
-
Digital informasjonsforvaltning 12. juni 2023 13:24
Om konferansen
«Med lov skal landet vårt byggjast». Sjølv om samfunnet, lovgivar og lovgivinga har endra seg sidan Frostatingsloven sine dagar, er det framleis lovgiving vi byggjer landet med. Å lage gode lover er krevjande. Det føreset forståing av retten og rettssystemet og korleis desse verkar i samfunnet, at ein meistrar dei tekniske sidene ved lovgivinga og at ein har evne til å uttrykke reglar gjennom eit forståeleg språk. Lovgivingskunsten er både vitskap og handverk. Eller som den danske rettsvitaren Alf Ross påpeiker, «lovgivning [er ikke] så enkel en sag, som man ofte tror, men en kunst, hvis lykkelige udfald er betinget ikke blot af indsigt og overvejelse, men også indføling, takt og fantasi».
Lovkonferansen skal vere ein stad kor akademikarar og praktikarar kan drøfte lovgivingsspørsmål. Programmet er bredt: Vi skal drøfte styrkar og veikskapar ved måten vi lovgir på, setje lovspråket og arbeidet med klårt lovspråk under lupa, drøfte nye utfordringar ved digitalisering av lovgiving, forvaltning og språk og kva dette har å seie for juristar og juristutdanninga.
Innleiarane har fått kort tid. Dette er gjort medvite, for målet med konferansen er å gi eit oversyn, gi smakebitar, vere ein stad kor mange frå ulike delar av forvaltninga og akademia møter einannan. Håpet er at deltakarane vil ta stafettpinnen vidare og arrangerer kurs, seminar, andre konferansar, og at ein finn fram til felles prosjekt. Vi går ikkje i djupna, men ynskjer at konferansen skal syne behovet for å gå djupare.
Påmeldingsfrist 30. mai kl. 12:00. Studenter kan melde seg på etter fristen.
Lovkonferansen arrangeres av Lovlab og Klarspråksatsingen ved juridisk fakultet i samarbeid med Digital velferdsstat, Senter for erfaringsbasert juridisk læring (CELL) og Språkrådet.