Plain language, linguaggio chiaro, begrijpelijke taal

25. til 27. september i år er Språkrådet og Difi vert for den internasjonale klarspråkkonferansen PLAIN 2019. Konferansen markerer ti år med systematisk klarspråkarbeid i Noreg. Fleire av bidragsytarane på Plain-konferansen kan du også høyre under Lovkonferansen denne veka.

Ordsky

PLAIN er kort for Plain Language Association International. Dette er ein internasjonal organisasjon for dei som praktiserer og arbeider med å fremje klarspråk i ulike land. PLAIN har medlemar frå over 30 land som jobbar med klarspråk på minst 15 ulike språk. Margrete Kvarnes i Språkrådet er president i organisasjonen,

Ifølgje PLAIN er kommunikasjon med klarspråk kjenneteikna av at ordlyden, strukturen og utsjånaden er så klår at dei teksten er meint for

  • finn det dei treng
  • forstår det dei finn
  • og kan gjere seg nytte av informasjonen

Meir enn berre ord

Temaet for årets konferanse er «Clear communication – clear results». Med dette ynskjer arrangørande å få fram at klarspråk er meir enn berre klar kommunikasjon og ord. Dei ynskjer å utforske korleis verknaden av klarspråk kan målast i eit større perspektiv; kva tyding har klarspråk for samfunnet, for rettferdighet og for demokratiet? Underordna emne konferansen vil ta opp er:

Klarspråk styrkjer:

Korleis kan klarspråk hjelpe andre til å hjelpe seg sjølv? Korleis formidle kritisk informasjon i ein krisesituasjon? Korleis skrive for dei med behov for tilrettelegging?

Klarspråk i ein digital tidsalder:

Kva rolle spelar klarspråk i utviklinga av digitale tenester? Korleis verkar språk saman med visuelt uttykk og interaksjonsdesign?

Klarspråk i praksis:

Kva er den beste metoden for opplæring i bruk av klarspråk? Korleis formidle komplekse tema med enkle ord?

Klarspråkkultur:

Korleis etablere ein kultur for klarspråk i ei verksemd? Korleis arbeide tverrfagleg, og korleis måle verkanden av klarspråkarbeidet?

Klarspråk løner seg:

Korleis kan klarspråk bidra til å betre botnlinja? Kva metodar er mest effektivt? Kan vi bruke klarspråk til å betre kundar sin tillit?

Møt bidragsytarar frå Lovkonferansen 2019

Universitetet i Oslo er medarrangør av PLAIN 2019, og den delen av programmet som har fått tittelen «Plain Language for justice and democracy» vil finne stad i Gamle festsal på Det juridiske fakultet.

Under PLAIN 2019 vil du få høve til å høyre fleire bidragsytarar frå Lovkonferansen 2019: Førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum, som er vitskapleg ansvarleg for Lovkonferansen, vil delta på PLAIN 2019 med innlegget «Plain language for democracy and justice». Professor i retorikk, språk og kommunikasjon Johan Tønneson vil fortelje om «The poetic functions of plain language». Og fagdirektør i barne- og familiedepartementet Ragnhild Samuelsberg vil halde innlegget «Fight the fog. Plain language in EU legislation – necessary for democracy.

Les mer om PLAIN 2019 på Difi sine hjemmesider (ekstern lenke).

Lovkonferansen 2019 kan du sjå som direktestrøm på våre nettsider - og få med deg mellom anna disse innlegga:

  • Under Lovkonferansen 2019 kan du høyre Jon Christian Fløysvik Nordrum snakke om lovgiving og lovspråk i det 21. hundreåret.
    Tid: 4. juni kl. 09:40.    Stad: Universitetets aula
  • Under sesjonen «Lovspråk og juristspråk – metoder og verktøy» vil Johan Tønnesson og Jon Christian Fløysvik Nordrum presentere Universitetet i Oslo sitt nye bachelorprogram Klart språk.
    Like etter vil Ragnhild Samuelsberg fortelje om jakta på lesaren og språket i klarspråkverkstadar for regelverkskrivarar.
    Tid: 4. juni kl. 14:30.    Stad: Gamle festsal
  • Direktør i Språkrådet Åse Wetås, som er ein av vertane for PLAIN 2019, rundar av Lovkonferansens fyrste dag med foredraget «Lovspråk: På tide å stille krav».
    Tid: 4. juni kl. 16:15.    Stad: Universitetets aula
  • Nordrum vil også halde eit foredrag om spenningar mellom ynsket om å digitalisere og godt lovspråk.
    Tid: 5. juni kl. 12:15.    Stad: Gamle festsal

Difi og Språkrådet er medarrangørar av Lovkonferansen 2019.

Av Sunniva Rebbestad
Publisert 3. juni 2019 14:21 - Sist endret 3. juni 2019 14:21