Vi forskar på: Energirett

Forskinga på energi ved Det juridiske fakultet fokuserer på rettslege høve knytta til alle former for energi, med særskilt vekt på petroleum og vannkraft.

Illustrasjonsfoto. Copyright: Colourbox.com

Lovgjevinga innan energisektorane vert stadig meir internasjonalisert. Innan energiretten undersøkjer forskarane lovgjevinga nasjonalt og internasjonalt, med særskilt fokus på vannkraft.

Petroleumsretten omfamnar alle rettsspørsmål knytta til norsk petroleumsverksemd. Petroleumskontraktsretten fokuserer gjerne på standardkontraktar i alle ledd av petroleumsverksemdene, men omfamnar også analysar av kontraktar for sal av olje og gass.

Innan naturressursretten vert det mellom anna forska på norsk forvaltning av naturressursar, og verknaden nasjonal og internasjonal lovgjeving har på energiproduksjon og etablering av vindkraft i Noreg.

Forskingsområde

Forskingsprosjekt

Forskargrupper

 

Emneord: Energirett, Naturressursrett, Petroleumsrett
Publisert 26. jan. 2011 11:03 - Sist endra 24. apr. 2017 08:37