Vi forskar på: Helse og velferd

Sentrale tema i forskinga på helse, helserett og velferdsrett ved fakultetet er pasientars og klientars rettar, trygderett, funksjonshemma si rettsstilling i samfunnet, forholdet mellom tvang og frivillighet m.m.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Forskinga på velferdsrett fokuserer på rettsreglane som er av grunnleggjande betyding for livskvaliteten og velferda for enkeltindividet.

Det vert forska på sosial vernerett, erstatningsrett, yrkesskadetrygda, folketrygda sin uførepensjon, erstatning ved personskader, pasientrettar, trygderettane sitt grunnlovsvern, tjenestepensjonar, samordning av trygdeytingar, rett til sosiale tenester m.m.

Det er også forska på den rettslege reguleringa av humant biologisk materiale.

Forskingsområde

Forskargrupper

Emneord: Helserett, Velferdsrett, Trygderett
Publisert 3. mars 2011 12:59 - Sist endra 27. mars 2017 11:34