English version of this page

Disputas: Likebehandling av kreditorar ved restrukturering av statsgjeld 

Master i rettsvitenskap Astrid Iversen ved Institutt for privatrett vil forsvare sin avhandling for graden Ph.d:Likebehandling av kreditorar ved restrukturering av statsgjeld 

Original tittel: Intercreditor equity in sovereign debt restructuring

Disputasen vil foregå på Engelsk. 

Bildet kan inneholde: person, hår, ansikt, hake, panne.

Astrid Iversen 

Foto: UiO

Det er begrenset antall plasser på disputasen. Det vil derfor bli påmelding i forkant. Påmelding gjelder også for de vitenskapelige ansatte ved fakultet. Nettskjema for påmelding finner du HER Frist for påmelding er 20. september.

Det vil også bli mulig å følge disputasen online via zoom (krever ingen påmelding). Vi gjør oppmerksom på at noen av setene bak kandidaten da vil være synlig for de som ser på.

Delta på disputasen her (åpner kl. 11:15 den 22. september 2020)Digital versjon av avhandlingen kan bestilles ved å sende en e-post til: k.h.paulsen@jus.uio.no 

Opptak av prøveforelesningen

Bedømmelseskomité

  • Professor Freya Baetens (leader)
  • Dr. Mamadou Hébié (1. opponent)
  • Judge Awn Shawkat Al-Khasawneh (2. opponent)

Leder av disputas

Prodekan Vibeke Blaker Strand 

Veiledere

  • Professor Mads Andenæs 
  • Professor Michael Waibel 

Sammendrag

Handtering av statlege gjeldskriser
Statar kan få økonomiske problem, kome i ei gjeldskrise og misleghalde betalingspliktene sine på same måte som private selskap. Det som skil statar med betalingsproblem frå private selskap er at statar ikkje er verna av insolvens eller konkurslovgiving i nasjonal eller internasjonal rett. Eit kriseløysingsverktøy som er tilgjengeleg for statar er reforhandling av eksisterande låneavtalar. Dette inneber til dømes at nedbetalingstida vert forlenga, renta vert sett ned eller at summen som skal betalast tilbake vert kutta. Ei slik reforhandling av lånevilkåra vert kalla restrukturering. 

Fordeling av økonomiske tap mellom kreditorar skapar konflikt
I ein restruktureringsprosess må det avgjerast kor mykje låntakarlandet har kapasitet til å bruke på gjeldsnedbetaling. Det må med andre ord avgjerast kor store kutt kreditorane må ta for at låntakarlandet skal klare å kome seg ut av den økonomiske krisa. Det må også avgjerast korleis dei økonomiske tapa skal fordelast mellom dei ulike kreditorane. Det er det siste spørsmålet som er tema for avhandlinga. 

Både under og i etterkant av restruktureringsforhandlingar er det vanleg at kreditorar hevdar at dei ikkje har blitt behandla rettvist samanlikna med andre kreditorar: Anten hevdar dei at  dei ikkje har blitt likebehandla med andre kreditorar, eller at dei har rett til særbehandling. Slike kreditorkrav er ofte motstridande fordi særbehandling av ein kreditor gjer at andre kreditorar må bære ein større del av den økonomiske byrda. 

Avhandlinga sitt bidrag 
Fordi det ikkje finst insolvens- eller konkursreglar for statar finst finnes det heller ikkje klare reglar for korleis dei økonomiske byrdene skal fordelast mellom kreditorane. Likevel er det ein rekke rettsreglar spreidd i internasjonal og nasjonal rett som påverkar dette spørsmålet. Avhandlinga analyserer det juridiske rammeverket som regulerer i kva grad kreditorar har rett til likebehandling i ei restrukturering. Ho kartlegg og diskuterer reglar som kan gi kreditorar rett til like- eller særbehandling i offentleg- og privatrettslege reglar, i nasjonal så vel som internasjonal rett. Dette omfattar analysar av mellom anna likebehandlingsklausular i statsobligasjonar, diskrimineringsforbod i den europeiske menneskerettskonvensjonen og i internasjonale investeringsavtalar og såkalla gribbefondslovgivning i nasjonal rett.

Avhandlinga konkluderer med at dei mange reglane som direkte eller indirekte regulerer kreditorars rett til like- eller særbehandling tidvis er motstridande. Ho viser også at det vil vere vanskeleg for mange låntakarland å oppfylle alle like- eller særbehandlingspliktene dei er underlagt og samstundes oppnå eit berekraftig gjeldsnivå i ei restrukturering. Dette viser at det eksisterande rammeverket for å handtere statlege gjeldskriser er mangelfult og at det er behov for nye internasjonale løysingar. 


 

Publisert 3. sep. 2020 14:37 - Sist endret 21. sep. 2020 14:37