English version of this page

Høgpresisjons mattryggleik - Patogengenomikk for matindustrien (PathoSeq)

Målsetjinga med prosjektet er at bedrifter i norsk matindustri blir førebudde på å

handtere utfordringar og utnytte fordelane ved moderne DNA sekvenserings-teknologi for overvaking og kontroll av matborne patogene bakteriar.

Bildet kan inneholde: farger, piler, tegninger pc, mat

Illustrasjon: Arbeidspakkar, Nofima

Om prosjektet

PathoSeq (Food safety with high precision - Pathogenomics for the food industry) undersøkjer moglegheiter for å ta i bruk heilgenomsekvensering av pathogen som ledd i overvaking og kontroll av listeria-utbrot i matproduksjon.

Rolla til senter for rettsinformatikk i prosjektet er å kartleggje dei rettslege rammene for slik verksemd.

Prosjektet varar frå 2019 til 2023.

Leiing

Prosjektet blir leia av Nofima.

Professor Lee Bygrave er leiar for arbeidspakka (work package) om regulatoriske rammer.

For meir informasjon om prosjektet, sjå: https://nofima.no/prosjekt/pathoseq/.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd.

Samarbeid

Prosjektet involverer samarbeid med eit stort antal industripartnarar.

Publisert 24. nov. 2020 13:45 - Sist endra 8. des. 2021 10:17